BN+Nærbilde av bakside av gjødselvogn i aksjon.

Areal nok? Statsforvaltaren har starta opp eit arbeid med å undersøka om kravet til spreieareal blir følgt. Dette arbeidet blir ført vidare i 2021. Foto: Thea Hjertuslot


Færre, men større trekk for dårleg dyrevelferd. Fleire trekk for ulovlege inngrep i kulturlandskap og brot på gjødsel- og forureiningsreglane. Her les du meir om korleis regelverksbrot kan få konsekvensar for produksjonstilskotet.


Karen Beate Grimstad, Statsforvaltaren i Rogaland 


I Rogaland blei det betalt ut om lag 1,3 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot for 2019. Landbruket er avhengig av at folk flest har tillit til at støtta blir nytta til jordbruksdrift som tek godt vare på dyra, miljøet og kulturlandskapet. For å halde på denne tilliten, er det gitt føringar om at forvaltninga ikkje skal betale ut fullt tilskot der drifta ikkje er i tråd med gjeldande regelverk for jordbruksverksemd.
Ein gardbrukar kan få trekk i tilskotet av fleire grunnar, men her ser vi nærmare på trekk i tilskotet som følgje av brot på regelverket for jordbruksproduksjon.

Høge krav

Det blir forventa mykje av ein gardbrukar, og det er mange regelverk å halda styr på - inga tvil om det! Det kviler eit stort ansvar på deg som driv eit jordbruksføretak til å følgje alle regelverk. Dersom drifta har vore i strid med regelverk relevant for sjølve jordbruksdrifta, kan forvaltninga trekka i tilskotet. Døme på relevante regelverk er gjødselvareforskrifta, dyrevelferdsregelverket og nydyrkingsforskrifta. Du skal ikkje få trekk i tilskotet om du bryt til dømes vegtrafikklova eller skattelova.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.