bv40_fag

Det vil alltid vera ein del lam som ikkje har ynska vekt og hold ved vanleg slaktetid om hausten. Desse bør ein fôre vidare for å oppnå betre vekt, klassifisering og pris på lammet.

 

Finn Avdem
Fagsjef sau Nortura

Ulike framfôringsalternativ

Kva framfôringsalternativ ein bør satse på, varierer med kva tilvekst ein ynskjer og kva fôrgrunnlag ein har. Har ein rikeleg med gode håbeite og/eller grønnfôrvekster som raps og raigras er det godt mogleg å få til bra tilvekst utan bruk av kraftfôr:

Tabell 1: Forventa tilvekst på ulike haustbeite

Beite-
type
Fôropptak FEm Forventa tilvekst
g/dag

Godt
håbeite

1,2

250 – 270

Raigras/Raps + hå

1,4

350 – 400

0,2 da raigras + 0,1 da hå pr lam som skal sluttfôrast, bør vera nok haustbeite. Eit godt haustbeite får du dersom du haustar graset ca fire-seks veker før sanking og raigras-grønnfôr 2 – 4 veker før sanking. Overgjødsling med 4-6 kg N passar godt til den mengde fôr ein haustar ved beiting. Dersom ein ikkje har rikeleg tilgang på slikt beite, er sluttfôring der ein gjev kraftfôr i tillegg til grovfôr/beite eit godt alternativ. Ein kan styre tilveksten med kor mykje kraftfôr ein gjev. Mange ynskjer ei rask sluttfôring for å vera kvitt slaktelamma før livsauen skal i hus. Fare for brunstsmak på vêrlam, lågt fôrforbruk per kg kjøtt og betre slaktekvalitet, talar også for ei rask intensiv sluttfôring.

Tabell 2: Forventa tilvekst ved ulike mengder ved kraftfôr ved sluttfôring av lam

Planlagt tilvekst
g/dag

Kraftfôr
kg/dag
Grovfôr
100 g/dag 0,2 kg

Godt grovfôr etter appetitt dvs velberga fôr hausta ved byrjande skyting

200 g/dag 0,6 kg
300 g/dag*) 0,9 kg
400 g/dag eller meir*) Etter appetitt frå kraftfôrautomat

*) Det er viktig å fylgje med på at lamma ikkje blir for feite ved intensiv framfôring
Ved intensiv sluttfôring av lam vil FORMEL lam haust vera det kraftfôrslaget som høver best.

Innvortes parasittar

Dersom du har problem med innvortes parasittar på utmarksbeite, bør lamma bli behandla før du byrjar å fôre på lamma om hausten. Spør veterinæren om råd.

Pulpanyre

Sjukdommen pulpanyre skuldast giftstoff frå ei ein bestemt type bakterie. Bakteriane finst også i tarmen hjå friske dyr, men vil oppformere seg når dyret får særs god næringstilførsel, gjerne i samband med omlegging av fôringa ved at fôr som ikkje er melta passerer vomma og over i løypemagen. Lam som blir sett på store kraftfôrrasjonar, kan difor vera utsett for pulpanyre. Drøft evt. vaksinering med veterinæren. Dersom ein vaksinerer søyene på våren og lamma får rikeleg med råmjølk, skal lamma vera beskytta mot pulpanyre i 2-3 månader. Lam som blir sett på kraftig håbeite om hausten kan vera utsett for pulpanyre. Får dei kraftfôr/grønnfôr i tillegg, er risikoen enda større. Desse bør difor bli vaksinerte så snart som råd. Ein har ikkje verknad av vaksinen før etter ca 14 dagar. Ein bør difor starte gradvis med kraftfôret og vente ca 14 dagar før ein er oppe i full kraftfôrrasjon. Dette forebygger både mot appetittsvikt og pulpanyre.

Urinstein

Urinstein er ei særs smertefull tilstand hjå lam. Båe kjønn er utsette, men særleg hjå verlam kan det føre til blokkering av urinstraumen, store smerter ved vasslatinga og i verste fall urinforgiftning med dødeleg utgang. Urinstein oppstår dersom det er ubalanse i mineralforsyninga. Eit viktig førebyggande tiltak er å syte for at fôrrasjonen har høgt kalsium/fosfor –forhold dvs 2:1. Ein bør difor vera ekstra merksam på mineralforsyninga når ein bruker kalsiumfattige fôrvarer som bygg, havre og avfallsbrød. Formel lam Biff har gunstig kalsium/fosfor- innhald. Eit anna førebyggande tiltak er å stimulere til høgt vassinntak. Ein må difor syte for at lamma har tilgang på saltslikkestein og rikeleg med vatn av god kvalitet.

Sur vomgjæring (acidose)

Sur vomgjæring (acidose) oppstår dersom det er for mykje lett fordøyelege næringsstoff i rasjonen. Acidose fører til appetittsvikt hjå lammet. Førebyggande tiltak er å syte for gradvis opptrapping av kraftfôrrasjonen over eit par veker og dele kraftfôret opp i minimum to rasjonar. Ved appetittfôring med kraftfôr er det mindre risiko for acidose fordi lamma vil ta opp mindre mengder kraftfôr om gongen.

Klipping ved innsett for sluttfôring

Her er Animalia sine råd for klypping av lam som skal sluttfôrast: ”Lam som ikke er slaktemodne ved sanking må sluttfôres utover høsten. Mange ønsker å klippe disse for å bedre tilveksten. For god slaktehygiene må disse kunne klippes på nytt i de områdene som er avgjørende for slaktehygienen. Forutsetningen for at dette skal være mulig, er at ulla har blitt minst 1 cm lang. Dyr som forventes slakta i løpet av første måneden skal derfor ikke klippes. Lam som skal fôres i mer enn en måned kan klippes. Det bør i tilfelle skje straks, slik at ulla igjen kan vokse ut. Det er produsentens ansvar og risiko at lamma har lang nok ull ved levering til at de kan nyklippes. Den korte ulla vil ikke ha noen verdi som ull.”

Stikkord denne saka: