Godt beite: Med Helgjødsel slepp du å tilføra meir fosfor enn naudsynt for optimal vekst på beite, skriv Ragnvald Gramstad. Foto: Sjur Håland

Helgjødsel er etter kvart godt innarbeidd i landbruket, men det er viktig at fleire vel dette som første alternativ for komande vekstsesong.

Ragnvald Gramstad,
pensjonert seniorrådgjevar, NLR Rogaland

Helgjødsel bør prioriterast framfor mineralgjødsel 22-2-12 eller 18-3-15. Dette fordi det er eit rimeleg alternativ, og ein slepp å tilføra meir fosfor enn naudsynt for optimal vekst. Altså eit betre miljø og klimatiltak.
Helgjødsel vert produsert på Sele i Klepp kommune, Jæren, kor høne/broilergjødsel inngår som bindemiddel i produksjonen. Det vert i tillegg tilført nitrogen og kalium med tillegg av kopar og kobolt. I dag kan ein få Helgjødsel 18-1-10 tilsett selen, og alternativt tilsett både selen og kobolt. Produksjon av Helgjødsel er eit særs viktig tiltak for landbruket vårt når det kjem til frigjering av spreieareal og resirkulering av næringstoff. Den plantetilgjengelege fosforen i Helgjødsel kjem berre frå høne/broilergjødsel.

Godt utprøvd

Helgjødsel har dei siste 20 åra vore utprøvd gjennom ulike forsøk i eng og beite. Dokumentasjonen er god med omsyn til avling i både mengde og kvalitet i høve til vanleg mineralgjødsel. Det er god, dokumentert verknad av tilført både kobolt og selen. Helgjødsel har vist positiv langtidsverknad i beite i høve til vanleg mineralgjødsel. Hønegjødseldelen avgir truleg N-verknad over litt lengre tid, og erfaringane viser særs god avbeiting.

Tilråding

Vårgjødsling til beiter utan bruk av husdyrgjødsel: Om lag 40 kg/daa Helgjødsel 18-1-10 m/selen.
Dersom du vil sikra tilføring av kobolt vel du å få gjødsla levert med kobolt. Du kan også få Helgjødsel m/kopar, eventuelt også med kobolt. Helgjødsel med kopar kan vera eit godt tiltak for å vedlikehaldsgjødsla med kopar om du har behov for det. Kobolt må du tilføra kvart år. Hugs overgjødsling i beitetida med om lag 20 kg kalkammonsalpeter/daa kvar 5.veke. (frå ca. 10.juni)

Vårgjødsling til beite

Til vårgjødsling av beite med bruk av husdyrgjødsel kan det vera mest fagleg rett med om lag 2,5 tonn blautgjødsel storfe/daa i tillegg til ca 15-20 kg/daa kalkammonsalpeter. Alternativt kan du bruke 20-25 kg Helgjødsel 18-1-10/daa om våren og tilføra 20-25 kg Helgjødsel 18-1-10 /daa til første overgjødsling i juni.
Sjå elles neste forslag.
I byrjinga av juni og i samband med 1. overgjødsling kan det vera aktuelt med tilføring av Selen og/eller kobolt. Då kan du alternativt nytta Helgjødsel 18-1-10 med om lag 40 kg/daa. Dersom du meiner dette vert litt vel mykje nitrogen i éin omgang, kan du fordela dette med om lag 20-25 kg/daa med fire vekers mellomrom. Då vil du sikra høveleg tilføring av selen og eventuelt kobolt i beitetida.

Grasareal utan husdyrgjødsel

Til grasareal utan bruk av husdyrgjødsel bør Helgjødsel 18-1-10 vera eit særs godt alternativ til tradisjonell mineralgjødsel.

To døme:

  • Om våren: God eng til siloslått: 80-90 kg/daa. Etter 1. slått: 55 kg/daa.
  • Om våren: Eng til høyslått/hestehøy: 55 kg/daa. Etter 1. slått: 55 kg/daa.

NB! Hugs at vedlikehaldsgjødsling med kopar kan du lett få gjort med Helgjødsel 18-1-10.

Stikkord denne saka: