OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Om tre veker kjem årets første minkkvelpar til verda. Den dyktige produsenten legg nå grunnlaget for eit godt resultat. Men dette krev planlegging og førebuing i forkant og lange dagar i minkhuset frå den første kvelpen kjem i slutten av april, til kvelpen er avvendt frå mora ved 8 vekers alder.

 

Sven Gil Westersjø
Norsk Pelsdyralslag

 

Sensasjonelle prisar

Nå om dagen sel minkprodusentane fjorårets skinnproduksjon til sensasjonelle prisar. Så gode skinnprisar har ikkje produsentane sett på over 30 år. Om dagens skinnpris held seg, så vil ein middels stor norsk minkgard kunne auke netto forteneste med 125 000 kr for kvar 0,5 kvelp dei aukar kvelperesultatet med.

Nye produsentar gjer det godt

Dei siste 6-8 åra har det i Rogaland kome til mange nye minkprodusentar. Alle desse har lukkast særdeles godt. Dei produserer skinn av beste kvalitet og har betre kvelperesultat enn landsgjennomsnittet. Bondevennen sin gjesteskribent besøkte to unge damer som tilhøyrer denne nye eliten. Det er Hege Brattebø på Tjørn i Bjerkreim. Ho er gift med Geir og har 4 ungar. På garden har dei 210 sau og 1150 minktisper. På Tjørn vart den første minken para i 2007. Den andre unge dama er Bjørg Hauge i Hetlandsbygda i Hjelmeland. Ho er gift med Atle og har 3 vakse ungar. På garden har dei no 7500 frittgåande høner, nokre slaktedyr og 850 minktisper. Den første minken hjå familien Hauge blei para i 2006. På begge bruka er begge ektefellene heiltidsbønder.

Flid, og ver i forkant

Vi lurer på kva som er oppskrifta til å lykkast slik som desse damene? Oppskrifta for eit vellukka kvelpesesong er enkel, meiner damene.

Unngå at tispene kjem i for godt hold frå nå og fram til kvelping

Bruk rikeleg med tid når tispene kvelpar

Kvar tispe med avkom må få individuelt stell om ho treng dette

La kvelpen tidleg få tilgang til maksimalt fuktig fôr

Hald kvelpenettet reint, slik at kvelpen enkelt får komme ut til drikkenippelen

Ta tidleg ut kvelpenettet, det er betre å være nokre dagar før tida, enn nokre dagar for seint. Dette er viktig for å unngå slåssing og biting.

Mange vestlendingar ser over havet og følgjer med på korleis den profesjonelle danske bonden utfører sitt husdyrstell. Danskane har eit uttrykk som heiter «det lar seg betale». Med det meinar dei at auka arbeidsinnsats i rett tid gjev auka lønnsemd. Damenes våre sine 6 råd er deira oppskrift til eit godt resultat i den perioden vi nå går inn i, desse råda «lar seg betale».

Klargjering før kvelping

Straks paringa er over om lag 25-26. mars, bør ein starte med å gjere klar tispene til kvelping. Heile vinteren har ein hatt på lesluser i forkant av reirkassa. Desse gjer at reirkassa vert ein lun og god liggjeplass. Etter paringa må ein gjere kassa mindre slik at ho blir totalt trekkfri, tørr og lun til kvelpane kjem. Det er mange måtar å innskrenke reirkassa på. Nokre bruker Mollerstein, mens andre nyttar ein «reirring» ned i kassa. Dette er ei plastplate som er 15 cm høg og 2 mm tjukk, og som lett kan bøyast. Ho bøyest ned i reirkassa slik at arealet vert innskrenka med om lag 20 %. Dermed blir bolet der minken skal føde utan mange rette vinklar. Dette er ein fordel fordi dei nyfødde heile tida vert liggjande i midten av kassa og kan die av tispa.

I tillegg vert det lagt inn kvelpenett i buret, dette må ein vere ferdig med før midten av april. Dette er finmaska netting som gjer at minkkvelpen ikkje skal ramle gjennom nettingen, noko som er aktuelt om tispa føder ute på nettingen, eller om tispa tek kvelpane ut ein varm dag i starten på mai. Mange legg og papir i framkant mellom kvelpenettet og botnnettingen. Lokalavisa Jærbladet eller TV oversikten til Stavanger Aftenblad er ideelt å «resirkulere» på denne måten. Nede i sjølve kassa strør mange ei blanding av kutta halm og kutterspon, dette meiner mange gjev det beste materiale for å byggje eit minkbol. Ein produsent på Austlandet nyttar makulerte tusenlappar. Han hadde avtale om å ta i mot småhakka papir frå Norges Bank. Samstundes som ein gjer i stand til kvelpinga, strør ein loppepulver i kassa. Her er det viktig å nytte middel både mot egg og vaksne lopper. Over kassa legg ein godt med halm. Slik har minken eit lunt halmtak som tispa kan hente reirmateriale frå om ho treng dette. Mange produsentar har eit ledig bur mellom tispene i kvelpinga, dette gir tispa ro frå nabotisper.

Passeleg sterk fôring

Tispene skal fôrast godt, men ikkje for hardt (maks 200-210 kcal/dag) i perioden frå rundt 20. mars fram til 10. april. I denne perioden festar egga seg til livmora. For sterk fôring kan føre til at tispene går i «stå», med auka fødselsvanskar. Det er viktig å fôre godt no i tida fram til kvelping, då nyare undersøkingar viser at 70 % av kjertelvevet i juret vert danna dei siste vekene før kvelping. Kvitminken Hedlund er særs roleg av seg og må passast godt på, då disse tispene ofte kan bli for feite.

10 gram og hårlaus

Minken vert født heilt utan hår og er bare 8 til 10 gram tung. Veret i mai kan vere vekslande. På sure dagar er det difor heilt naudsynt for dei nyfødde å ha eit godt og tørt bol å bu i. På varme dagar tek tispene ofte med kvelpen ut i buret, kvelpenettet gjer difor dette område sikkert og ferdas på for dei nyfødte. Når kvelpinga startar går ein roleg rundt i minkgarden. Ein noterer ned dato for kvelping og ein skyv tispa ut for å telje opp kvelp og for å sjå at alt er i orden. Kvelp som verkar kalde og livlause legg ein i kuvøse. Etter kort tid er dei fulle av liv att og klare for å leggjast tilbake til mora. Hugs at sjølv om tispene har 10 spenar så er det berre 8 av desse som er vel fungerande. Store kull (meir enn åtte kvelpar) bør difor delast, og kvelpar kan leggjast over til tisper med små kull (som har 2-4 kvelpar). Dette gjer vi dei første dagane etter kvelpinga. Tispene godtek dette utan noko problem. Heldigvis er dei ikkje like stridige som sauen på dette området. Dagane i minkgarden fyllest frå tidlig morgon til seine kvelden med oppfølging av tisper og kvelpar. Kontakt veterinær om det er kvelpar som får byllar eller blir klissete, dette kan vere første teikn på fettede kvelpar. Det same gjeld ved mistanke om børsbetennelse og jurbetennelse. Ein ønskjer sunne og robuste tisper og kvelpar. Alle dyr som ein ser problem på må difor merkast av på burkortet slik at desse kan gå ut av avlen til hausten. Ein må fôre to gonger om dagen i heile kvelpeperioden. Samtidig må ein kvar dag kontrollere vasstilførselen til dyra.

Treng mykje vatn

Minken er utruleg høgytande og mjølkeproduksjonen stoppar opp om dyra ikkje får nok vatn av god kvalitet i denne perioden. Tenk deg at på berre fem veker har minkkvelpen gått frå ei fødselsvekt på 10 gram til om lag 400 gram. Kvelpen har dermed auka vekta si heile 40 gonger. Når minken er mell­om 3 og 4 veker byrjar han å ta til seg fast føde. I denne perioden fôrar ein på reirkassa. Å tilsette fôret ekstra vatn i denne perioden er viktig. Dermed vil dyra få i seg vesentleg meir væske og kvelpane er ikkje så avhengige av mjølk frå mora eller vatn frå drikkevassanlegget. Kvelpane får tak i fôret på reirkassa ved at dei anten kryp opp på ein kloss i kassa eller ved at røktaren senkar lokket.

Minkkvelpinga er ei spanande og trivleg tid i pelsdyrgarden. Lukke til med ei travel tid.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kvelpane veks fort. (Fødselsdatoar)

 

Stikkord denne saka: