Fluger kan vera eit stort problem for jurhelsa sommartid. Tiltak for å avgrensa flueplagene vil redusera risikoen for auka celletal på tanken.

Fluger kan vera eit stort problem for jurhelsa sommartid. Tiltak for å avgrensa flueplagene
vil redusera risikoen for auka celletal på tanken.

Sommar og varme betyr store mengder fluger. Flugeplaga kan verta ei utfordring for jurhelsa og celletal i tankmjølka.
Ingve Dubland
Gunnar Dalen
TINE
Mange har fått dyra sine på beite og kjenner på at det er ei god tid både for folk og fe. Ein får tid til ekstra reinhald i fjøs og bås, og dyra trivst på beite og held seg reinare enn på vinteren.
I TINE har vi over fleire år følgd med på utviklinga i celletal i leverandørmjølka, og observert at kurvene for celletal og temperatur følgjer kvarandre. Ein ser tydeleg at når temperaturen stig, får vi ei auke i tankcelletalet. Det er fleire forhold kring høg temperatur som vi veit påverkar kua. Varmestress er ein faktor, og mange erfarer at kyrne har redusert fôropptak på varme dagar. Enkelte kyr kan verta veldig solbrende på jur og spenar, og på resten av kroppen. Alle desse faktorane kan vera med å påverka helsesituasjon til kua, og dermed ha negativ effekt for celletal i juret.

Flugeplaga

Vi ser at i varme periodar vert det ofte svært mykje fluger, både i fjøset og på dyra ute på beitet. Flugene er ei plage for dyra og aukar risikoen for spreiing av smitte. Vi som har dyr på beite, har mykje å henta på å førebygga flugeplaga så langt som råd. Ved å redusera områda som er typiske klekkestader for flugelarvene, kan vi redusera mengda med flugelarver som vert klekte. Tiltak ein kan ty til er å fjerna gamle fôrrestar, fjerna gjødsel under kalvegardane, vaska tome bingar i ungdyravdelinga og liknande tiltak.
Kan ein gjennom desse tiltaka klare å redusera flugetalet så mykje som råd, kan flugepapir og elektriske flugefangarar bidra til å halda problemet under ein viss kontroll. Flugebitt på spenane kan gjera kyr urolege under mjølking i roboten eller mjølkegrava. Ved å montera ei vifte i taket over mjølkeplassen, vil lufta sirkulera rundt dyra. Ein lagar då forhold som flugene ikkje trivst så godt i, noko som resulterer i færre fluger i rommet og på dyra.
Ute på beitet kan behandling av dyra med flugemiddel vera eit aktuelt tiltak. Det er fleire ulike middel å velja mellom. Dei har ofte til felles at dei er reseptpliktige legemiddel med tilbakehaldingstid på slakt. Nokre har i tillegg restriksjonar på levering av mjølk. Det er difor viktig at ein tar ein prat med dyrlegen og får eit middel tenkt brukt til mjølkeku. Ein bør notera ned kven som vert behandla og når.
Dei vanlegaste flugemidla er av typen som ein tømmer på rygglinja frå skulderbladet til halerota. Ein må skilja pelsen, slik at midlet kjem rett på huda. Middelet må trekka inn i huda for å ha effekt. Eventuelt kan ein klippa ei stripe frå skulderbladet til halerota med klippemaskin før ein tar på middel. Dyra bør vera tørre når ein har på midlet. Dei bør ikkje verta svært våte det neste døgnet. Då risikerer ein at medisinen ikkje får tid til å trekka inn, men renn av. Ei av utfordringane har ofte vore at handtering av flugeplaga ikkje kjem i gong før problemet vert for stort, og celletalet kjem ut av kontroll. Vi vil tilrå at de følgjer med på vêrvarslinga og temperaturprognosar. Ein kan førebu seg ved å snakka med dyrlegen om tiltak i god tid før problemet kjem ut av kontroll og gir store utslag på celletalet i tankmjølka.

Stikkord denne saka: