Bv28_fag

Lean – sunt bondevett i praksis. Tine, Geno og Nortura går no i gang med eit prosjekt kalla Lean i landbruket – bedriftsleiing, systematisering og kontinuerlig forbetring. Hovudmålet er å utvikla og teste ut Lean som arbeidsmetode i storfehaldet.

Det er for tida stort fokus i mange bedrifter på å gjera små forbetringar som i sum kan gi stor effekt. Tine, Geno og Nortura har sett i gang eit felles prosjekt der ein vil teste ut og tilpasse Lean metodikk og verktøy til storfehaldet.

 

Alf Hadland og Jon Kristian Sommerseth,
TINE Rådgiving

Hydro Aluminium Karmøy er ei av bedriftene som har arbeidd systematisk med forbetringsprosjekt. Dei har sitt eige program, men tankegangen og verktøya dei brukar, har sitt opphav frå Lean, eller Toyota sitt produksjonssystem. Hydro Karmøy vart kåra til årets Lean bedrift i 2012, på bakgrunn av dei gode resultata dei har oppnådd. Toyota var ei familiebedrift med knappe ressursar og måtte tenkje på ein anna måte då dei skulle ta opp kampen med dei etablerte bilprodusentane. Dette er eigentleg historia om Oskeladden som vann heile verda. Toyota er i dag verdas største bilprodusent. Situasjonen til bonden er ikkje så ulik den som familien Toyota stod i.

Lean også i landbruket

Ingen er så god på sunt bondevett som bonden, og mange praktiserer Lean- tankegang utan å ha eit bevisst forhold til dette. Likevel viser det seg at her er mange gode verktøy og teknikkar som kan gjera kvardagen lettare, og gi auka effektivitet hjå den enkelte. Danske storfebønder har ei tid tatt i bruk desse verktøya og teknikkane, og får god effekt av dei.
Tine, Geno og Nortura går no i gang med eit prosjekt kalla Lean i landbruket – bedriftsleiing, systematisering og kontinuerlig forbetring. Hovudmålet er å utvikla og teste ut Lean som arbeidsmetode i storfehaldet, for å sikra auka konkurransekraft gjennom heile verdikjeda. Matmerk har gjeve støtte til prosjektet.
Lean er ein driftsstrategi som er langsiktig, byggjer på det enkle, og på sunn fornuft. Strategien går ikkje ut på å springe raskare eller å gjera store investeringar. I staden investerer ein tid i forbetringsarbeid. Ein skal læra seg å sjå, og å ta bort sløsing. Ein løyser problema frå grunnen, slik at dei ikkje kjem tilbake, og ein legg opp til systematikk og standardisering. Kort sagt skal ein hente ut økonomisk gevinst av å jobbe smartare enn ein gjorde i går.

Oversikt og fakta

Eit av prinsippa i Lean er oversikt. Det skal vera lett tilgang på vesentleg informasjon for alle som er involverte. Difor er bruk av tavler til planlegging og målstyring mykje nytta i lean-arbeidet. Tavlene er lette å oppdatere, samstundes som ein får god visuell påminning av det ein held på med. Tavlene sikrar god kommunikasjon der fleire er involvert i drifta. Det kan også vera eit godt arbeidsverktøy i einmannsbedrifter. Det aukar bevisstgjeringa, og aukar sjansen for å få gjennomført oppgåvene.

Redusera sløsing

Sentralt i Lean`s tankesett er å redusere alle former for sløsing. Me må då først lære oss å sjå sløsing. Når ein finn sløsing, gir det muligheit til forbetring. Ein kan gruppera sløsinga i 8 ulike typar. Det gjer det lettare å finna sløsinga.
Overproduksjon. Produksjon av mjølk over kvote, eller oppdrett av fleire kvigekalvar enn det ein treng, kan vera eksempel på overproduksjon
Transport. Det er sløsing dersom en bruker for store, eller for små maskiner, eller kjører for langt eller for ofte.
Ventetid. Det kan oppstå ved kalving, venting på melk som skal varmast opp, eller fylling av vogn som vert lessa opp.
Overforedling. Det kan for eksempel vera når reingjering blir gjort for reingjeringa si skuld, og ein brukar unødvendig lang tid.
Lager. Det kan vera sløsing å kjøpe inn for mykje til lager, dersom det resulterer i at ein må kassere restar, eller det krev ekstra lagerplass.
Feil. Dersom ulike medarbeidarar ikkje veit kva dei skal gjere, aukar sjansen for feil, og dei bruker tid på å finna ut korleis og kvar. Det er sløsing med tid å passe sjuke kalvar dersom en kan unngå sjuke kalvar ved ei anna prosedyre. Det er sløsing om me ikkje har teke lærdom av tidlegare feil, slik at feila kjem igjen.
Bevegelsar. Når ein må gå å leite etter ting som ikkje står på rett plass eller ein har dårlig tilpassa utstyr som gjer at ein må gjere unødig mange bevegelsar.
Unytta kunnskap. Det er sløsing å delta på kurs utan å prøve ut det ein har lært.

Fange den store fisken eller læra å fiska?

Arbeid med Lean er ikkje noko som er gjort på ein rask måte. Det er faktisk måten ein arbeidar på, og ein kan samanlikna det med å læra å fiska. Det held på heile tida, og blir etter kvart ein del av ei tenking. Dei små endringane vil over tid kunna utgjera store beløp. Resultata frå nokre av organisasjonane, som har innført Lean er utrulege. Auka produktivitet, redusert sjukefråvere, og auka kvalitet er resultat som går igjen. Dette kan også gjelde for landbruket, då me har dei same utfordringane som dei fleste andre næringar:
Det handlar om å få meir ut av dei ressursane me har, og å auka konkurransekrafta.

Stikkord denne saka: