Minken er eit nyfikent dyr å arbeide med.

Minken er eit nyfikent dyr å arbeide med.

Perioden frå 1. mars til 1. juli er den viktigast perioden for minkbøndene. Her legg du grunnlaget for eit godt kvelperesultat som er avgjerande for lønnsemda i produksjonen. Som i smågrisproduksjon er lønnsemda best hjå dei bøndene som får avvendt flest mogleg kvelpar frå kvar avlstispe.

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

Pelsdyrnæringa, og spesielt minkproduksjon, har opplevd ei betydelig produksjonsauke og ny-etablering dei siste 3 åra. I denne perioden har skinnprisane auka med 200 prosent og gitt minkbøndene ei fantastisk auke i lønnsemda. Sjølv om Noreg har auka produksjonen av minkskinn med om lag 50 prosent, har dette i seg sjølv ikkje påverka marknaden sidan Noreg berre produserer drygt 1 prosent av verdsmarknaden. Svært høge prisar har resultert i at andre land har auka produksjonen, og veksten har vore spesielt høg i Kina.

Korrigering i marknaden

Ein skinnsesong går frå desember til september. Årets første auksjon i desember opna svakt. Det høge prisnivået som var frå september klarte ikkje auksjonshusa å vidareføre. Oppkjøparane var usikre på kva nytt prisnivå bør ligge på. Konsekvensen blei at auksjonshusa trakk mesteparten av skinna som var lagt fram for sal. 9. til 15. februar blir den første store auksjonen i København. Seinare kjem det ny auksjon i Helsingfors, 11. til 21. mars. Ei kvalifisert tipping vil vere at auksjonshusa då vel å møte marknaden. Dei vil med andre ord selje utbodet av skinn uansett prisnivå. Det som hadde vore gunstig no var at prisnivået sank ytterligare 25 % frå desembernivået. Det vil fortsatt gi god lønnsemd til norske minkprodusentar og prisnivået på dei dårligaste skinna vil då ligge under 250 kr per skinn.
Prisar på det nivået vil føre til at majoriteten av kinesiske skinn vil bli ulønsame å produsere. Eit resultat av dette kan føre til at kinesiske avlsdyr vil bli pelsa ut før paringa om ein månad. Dette vil gi rask korrigering i marknaden og høve til prisoppgang allereie i slutten av sesongen.

Paringssesongen 2. – 25. mars

Forplantinga hjå minken er spesiell og skil seg frå andre husdyr. Dette har nokre konsekvensar som gjer at paringsarbeidet og kva paringssystem ein vel er avgjerande for resultatet. Paringssesongen er kort, og varer berre vel 3 veker. Med lengre dagar, aukar produksjonen av gonadotrope hormon i ein liten kjertel i hjernen som heiter hypofysen. Auka dagslyslengde og gode fôringsrutinar påverkar difor brunsten og paringslysta. Paringa gjev ein nervestimulans som framkallar eggløysing hjå tispa. Som for alle husdyr, er den første eggløysinga til minken dårligare enn dei påfølgjande eggløysingane. Difor er det naudsynt å foreta ei ny paring for førstgangsfødande tisper for å framkalle ei ny eggløysing. Kvelpetisper vert difor para om att åtte dagar etter første paring for å få befrukta flest moglege egg (1+9). Det er naudsynt å vente i åtte dagar fordi nye egg brukar så lang tid på å modnast i eggstokkane. Vaksne tisper parar ein to dagar etter kvarandre for at få ferskast mulig sæd til egga (1+1). Sjølv om dei fleste befrukta egga frå første paring går tapt ved ny paring, bør ein nytte same hann då om lag 15-20 prosent av kvelpane er frå første paring. Ein skulle forvente at minken ville føde kvelpar som hadde ulik storleik avhengig av når egga vert befrukta, men slik er det ikkje. Sidan minken har utsett implantering svevar egga i livmora opp til fleire veker før dei festar seg til livmorveggen. Då alle egga festar seg samtidig (i slutten av mars) vert alle kvelpane like store ved fødsel.

Klargjering før kvelping

Straks paringa er over, om lag 25.-26. mars, bør ein starte med å gjere klar tispene til kvelping. Heile vinteren har ein hatt på lesluser i forkant av reirkassa. Desse gjer at reirkassa vert ein lun og god liggjeplass. Etter paringa må ein gjere kassa mindre slik at ho blir totalt trekkfri, tørr og lun til kvelpane kjem. Det er mange måtar å innskrenke reirkassa på. Dei fleste nyttar Mollerstein for å danne fundamentet til eit godt minkreir. Du bør ikkje fylle for mykje halm og strø i kassen slik at strøet går opp i taket på rusa. Då kan kvelpane krype opp gjennom halmen og komme ut av reirkassa.
Kvelpenettet i buret må vera på plass før 20. april, da dei første kvelpane kan kome så tidleg. Kvelpenettet er finmaska og sikrar at minkkvelpen ikkje ramlar gjennom nettingen om tispa føder ute på nettingen eller om ho tek kvelpane ut ein varm dag i starten på mai. Mange legg og papir i framkant mellom kvelpenettet og botnnettingen for å unngå trekk frå golvet og opp til framkant av kassen. I sjølve kassa tilrår vi ei blanding av kutta halm av bygg og kutterspon då mange meiner at dette er det beste materiale for å byggje eit minkbol. Samstundes som du gjer i stand til kvelpinga bør du strø loppepulver i kassa. Over kassa legg ein godt med halm. Slik har minken eit lunt halmtak som tispa kan hente reirmateriale frå etter behov. Mange produsentar har eit ledig bur mellom tispene i kvelpinga, for å gi dei ro. Tispene må fôrast godt i den tida egga festar seg til livmora, dvs i perioden frå rundt 20. mars til 10. april. Dei skal fôrast godt, men ikkje for hardt (maks 200-210 kcal/dag). Husk at for sterk fôring kan føre til at tispene blir for feite og “går i stå”, med auka fødselsvanskar. Det er viktig å fôre godt no i tida fram til kvelping, då nyare undersøkingar viser at 70 prosent av kjertelvevet i juret vert danna dei siste vekene før kvelping.

Flotte velfødde kvelpar. Her har avlstispa gode mjølke eigenskapar

Flotte velfødde kvelpar. Her har avlstispa gode mjølke eigenskapar

Kvelpinga

Minken vert født heilt utan hår og veg som nyfødd bare 8 til 12 gram. Med vekslande vêr i mai er det heilt naudsynt for dei nyfødde å ha eit godt og tørt bol å bu i. På varme dagar tek tispene ofte med kvelpane ut i buret, kvelpenettet gjer området sikkert å ferdast på. Når kvelpinga startar går ein roleg rundt i minkgarden. Ein noterer dato for kvelping og ein skyv tispa ut for å telje opp kvelp og for å sjå at alt er i orden. Kvelp som verker kalde og livlause legg du i kuvøse, etter kort tid er dei fulle av liv att og klare for å leggjast tilbake til mora. Hugs at sjølv om tispene har 10 spenar så er det berre 8 som er vel fungerande. Store kull (meir enn åtte kvelpar) bør difor delast, og kvelpar kan leggjast over til tisper med små kull (2-4 kvelpar). Dette gjer vi dei første dagane etter kvelpinga. Tispene godtek nye kvelpar utan noko problem, heldigvis er dei ikkje like stridige som sauen på dette området. Dagane i minkgarden fyllest frå tidlig morgon til seine kvelden med oppfølging av tisper og kvelpar. Rundt 10. mai ser vi at nokre produsentar kan få fettede kvelp. Kontakt veterinær om det er kvelpar som får byllar/kvisar eller blir klissete, skitne klør eller gul skummande diare, dette kan være første teikn på fettede kvelpar. Det same gjeld ved mistanke om børbetennelse og jurbetennelse. Vi ønskjer sunne og robuste tisper og kvelpar. Registrer alle mordyr som har eit eller anna problem og merk av på burkortet, slik at desse kan gå ut av avlen til hausten. Ein må fôre to gonger om dagen i heile kvelpeperioden og kontrollere vasstilførselen til dyra dagleg.
Minken er utruleg høgtytande og mjølkeproduksjonen stoppar opp om dyra ikkje får nok vatn av god kvalitet i dieperioden. På bare fem veker har minkkvelpen gått frå ei fødselsvekt på 10 gram til om lag 400 gram dvs at han har auka vekta si heile 40 gonger. Når minken er mellom 3 og 4 veker byrjar han å ta til seg fast føde. I denne perioden fôrar ein på reirkassa. Det er viktig å tilsette fôret ekstra vatn i denne perioden. Slik vil dyra få i seg vesentleg meir væske og kvelpane er ikkje så avhengige av mjølk frå mora eller vatn frå drikkevassanlegget. Kvelpane får tak i fôret på reirkassa ved at dei enten kryp opp på ein kloss i kassa eller ved at røktaren senkar lokket.

Tips for å lukkast

Om du spør erfarne produsentar vil mange kunne gi følgjande råd til nybegynnarar.

  • Unngå at tispene kjem i for godt hold frå nå og fram til kvelping.
  • Unngå å slanke dyr i april.
  • Bruk rikelig med tid når tispene kvelpar.
  • Kvar tispe med avkom må få individuelt stell om dei treng det.
  • La kvelpane tidleg få tilgang til maksimalt med fuktig fôr.
  • Hald kvelpenettet reint, slik at kvelpane enkelt får komme ut til drikkenippelen.
  • Ta tidleg ut kvelpenettet, det er betre å være nokre dagar før tida, enn nokre dagar for seint. Dette er viktig for å unngå slåssing og biting.
  • Skil kull straks dei viser teikn til slåssing.

Mange vestlendingar ser over sjøen og følgjer med på korleis den profesjonelle danske bonden utfører sitt husdyrstell. Danskane har eit uttrykk som heiter “det lar seg betale”. Med det meiner dei at auka arbeidsinnsats i rett tid gjer auka lønnsemd.

Tida framover er den mest spanande og kjekkaste tida i minkgarden. Lukke til med ei travel tid.

Stikkord denne saka: