Ein særs stor del av eksportverdien til EU vert generert gjennom sal av tilverka produkt for konsum som ost, vin, stykka kjøtvarer og liknande. (Illustrasjonsfoto: Bondevennen.)

Ein særs stor del av eksportverdien til EU vert generert gjennom sal av tilverka produkt for konsum som ost, vin, stykka kjøtvarer og liknande. (Illustrasjonsfoto: Bondevennen.)

Sia før Jesus oppmoda overtollaren Sakkeus i Jeriko om å klatre ned frå fikentreet, har toll vore nytta. I 1995 vart desse tusenårsgamle handelstradisjonar ført vidare.

Torbjørn Tufte, Statsvitar, AgriAnalyse og Kai Norman Hansen, Statsvitar frå universiteta i Oslo og Nancy, Pensjonist

Verdas handelsorganisasjon (WTO) vart etablert i 1995, og toll vart vedteke om det einaste legitime verkemidlet for å regulere marknadstilgangen mellom land. Eit av dei viktigaste resultata ved etableringa av WTO var harmoniseringa av marknadstilgang mellom medlemslanda gjennom innføring av tollsatsar. Før Uruguayrunden (1986-94) var importvern tufta på volumkvotar, lisensar og tollsatsar, og på ulike kombinasjonar av dette. Uruguayrunden slo fast at toll skulle vere det einaste legitime importvernet. Toll erstatta bruken av mengdebasert grensevern i Noreg.
For kvart medlemsland vart det laga bindingslister for maksimumstollsatsar. Grunnlaget for fastsetjing av maksimumstollsatsane var avviket mellom innanlandsprisane i kvart enkelt land og verdsmarknadsprisen for åra 1986–1988.
Noreg handhevar eit langt meir liberalt tollregime enn det Noreg er forplikta til gjennom WTO. Det kjem av at Noreg har inngått ei rekkje frihandelsavtaler (FTA, EØS-avtala), einsidig liberalisering for utviklingsland (GSP/MUL/nulltoll), og tollreduksjonar ut frå nasjonale omsyn for industri og forbrukar.
Samla sett har Noreg formelt gitt om lag to tredjedelar av verdas land reelt betre marknadstilgang på landbruksvarer gjennom tollpreferansar, enn det Noreg er plikta til i WTO.

Todelt tollvern

Det er eit politisk vedteke mål at det skal vere nasjonal matproduksjon over heile landet. Utfordrande naturgitte produksjonstilhøve, høgt kostnadsnivå og ein politisk valt produksjonsstruktur i jordbruket, gjer skjerming av norsk jordbruk naudsynt.
Tollvernet er avgjerande for å sikre denne politikken. Ved å legge på tollavgifter kan avsetjinga av norske landbruksvarer til eit prisnivå som speglar nasjonale produksjonsvilkår sikrast. Dei fleste land handhevar tollvern på landbruksvarer, sjølv verdas leiande produsentar som Brasil, USA og EU.
Tollvernet til Noreg på landbruksvarer er todelt. Det skal sikre vernet av dei norske jordbruksproduksjonane, samstundes som produksjonar som ikkje konkurrerer med dei norske kjerneproduksjonane er lite verna. Noreg er ein stor importør av landbruksvarer. I overkant av 50 prosent av forbruket av landbaserte varer på kaloribasis er forsyning gjennom import. Den norske jordbruksproduksjonen er innretta mot å sikre eigen matproduksjon for å forsyne eigen heimemarknad. Dette er ein hovudskilnad mellom norsk landbrukspolitikk og landbrukspolitikken til EU. Politikken i EU er innretta for å forsyne heimemarknaden til EU og å produsere volum i stor skala for eksport.

EU som handlespartnar

Saman med USA, er EU verdas største aktør i handelen med landbruksvarer. EU har generelt svært offensive eksportinteresser på landbruksvarer mot marknadar med høg betalingsvilje. Samstundes vernar EU eigen heimemarknad mot import ved hjelp av tollvern og minsteprisar. Det som skil EU frå andre leiande landbruksvareeksportørar i verda, som USA og Brasil, er varesamensetjinga i handelen. Ein særs stor del av eksportverdien til EU vert generert gjennom sal av tilverka produkt for konsum som ost, vin, stykka kjøtvarer og liknande.
EU er den viktigaste handelssamarbeidesparten til Noreg når det gjeld landbruksvarer. I 2015 utgjorde importen frå EU 36,8 milliardar av den totale importen på 59,1 milliardar kroner. Det gjer Noreg til den sjuande største eksportmarknaden til EU på landbruksvarer. Landbruksproduksjon til EU er i mange høve samanfallande med den norske. Dermed er utviklinga i samhandelen òg avgjerande for norsk produksjon – for dess større importvolum dess mindre er grunnlaget for avsetjinga av norske råvarer til ein pris som speglar norske produksjonskostnadar.
Det har vore ein sterk vekst i norsk import frå EU utover 2000-talet, spesielt på viktige varer som ost, bakevarer og yoghurt. Dette må sjåast i samband med omlegginga av landbruksoverføringane i EU. Frå år 2000 vart landbrukspolitikken lagt om frå produksjonsavhengig stønad til direkte overføringar til gardbrukarane. Slik har EU redusert innlandsprisane på råvarer ned mot verdsmarknadsprisane.
I kronikken «Det store norske selvbedraget» i Aftenposten (12/10-2012) skriv medlemane i Europaparlamentet, Bendt Bendtsen (Det Konservative Folkeparti) og Daniel Caspary (Christlich Demokratiche Union), i samband med ostetollsaka:
«Den norske tollmuren er rett og slett ikke en moderne, europeisk økonomi verdig.
Norge er et av Europas mest proteksjonistiske land når det gjelder landbruk. Det er hverken Norge, EU, eller resten av verden tjent med, og tiden er kommet for å ta et oppgjør med vrangforestillingen om at det er holdbart i lengden.
Regjeringen ser tydeligvis ingen problemer med å bruke økninger i tollsats som våpen mot en mer konkurransedyktig omverden.»
Dette er ei noko spesiell skildring, for det «særnorske» tollvernet er ikkje mykje annleis enn tollvernet til EU.

Tollvernet til Noreg og EU

Tollprofilane Noreg og EU praktiserer, i følgje WTO, er nemleg slik: På landbruksvarer er 31 prosent av varelinjene til EU tollfrie og 45 prosent av dei norske. På industrivarer er 26 prosent av varelinjene til EU tollfrie og 95 prosent av dei norske. Talet på varelinjer med toll fortel ikkje noko om kor høg tollsatsen er. Samstundes er det likegyldig om satsen er 20 kroner eller 40 kroner, all den tid tollsatsen er høg nok til å gi vern. Dersom importprisen pluss toll er høgare enn innlandsprisen så har ein vern, vert den lågare så har ein ikkje vern. Difor kan 10 kroner toll på ein ost vere like effektivt for eit land, som 20 kroner for eit anna. I den omtalte artikkelen til Europaparlamentsmedlemane skriv dei òg om CAP:
«… de siste 20 års reformer av en felles landbrukspolitikk har gradvis sikret europeiske bønder en anstendig inntekt via et åpent og gjennomsiktig system av direkte støtte.”
Utviklinga med auka norsk import frå EU, og stagnasjon i eksporten vil halde fram. Hovudårsaka er nettopp reformene parlamentarikarane nemner. EU har lagt om landbruksoverføringane, frå produksjonsavhengig støtte til produksjonsuavhengig støtte, som i hovudsak er direkte støtte tilknytt areal. Denne strategien starta med CAP-reformen Agenda 2000. Målet var å betre konkurransekrafta til landbruket og matindustrien ved å redusere prisane på råvarer og kompensere bøndene med direkte økonomisk stønad. Jordbruksverket formulerer det slik:
«[I landbruksreformen] Agenda 2000 var målet att gynna [betre] det europeiska jordbrukets konkurrenskraft. EU fortsatte sänka stödpriserna och kompenserade genom höjda direktstöd»
Omlegginga av landbruksoverføringane i EU materialiserer seg i handelen gjennom reduserte råvareprisar. Generelt har råvareprisane innanriks i EU gått frå å liggje 70 prosent over verdsmarknadspris i 1986 til å ligge 5 prosent høgre i 2012. Dermed styrkjar EU eige tollvern, fordi tollsatsane til EU ikkje vert redusert, og konkurransekrafta vert sterkare i eksportmarknadane med lågare råvarekostnader.

Mjølkepris over verdsmarknadsnivå

Før omleggingane av subsidiane i EU, hadde både EU og Noreg mjølkeprisar langt over verdsmarknadsnivå. Reduksjonen i råvareprisar kan illustrerast gjennom utviklinga i mjølkepris til gardbrukar i Noreg, EU og New Zealand, der sistnemnde representerer verdsmarknadspris.
Rundt rekna fekk danske mjølkebønder 2,30 kroner per kilo mjølk i 1994. Norske fekk 2,60, medan ein bonde i New Zealand fekk ei knapp krone. No er biletet eit heilt anna. Frå år 2012 fekk både bonden frå Danmark og New Zealand om lag 2,60 kroner for mjølkekiloen. Den norske mjølkeprodusenten fekk no 4,70 kroner.
Då er det ikkje så overraskande at International Farm Comparison Network viser til at produksjonsuavhengig stønad utgjorde meir enn halve gardsinntekta til majoriteten av mjølkebøndene i EU. Det kan heller ikkje overraska at ein ser dette i handelen, der eksportvolumet til EU på meierivare auka med 23 prosent, samstundes som importvolumet er redusert med 51 prosent dei siste ti åra.

Konklusjon

For norsk jordbruk betyr endringane i CAP at konkurransen i jordbruket og matindustrien føregår i den norske marknaden mellom norske gardbrukarar og gardbrukarane i EU, og norsk matindustri og EU sin matindustri. Landbruksreformene i EU gjer at det norske tollvernet vaklar på kjerneproduksjonane kjøt, mjølk, korn (bakevarer) og grønsaker. Då WTO-avtala og EØS-avtala vart inngått, låg enten Atlanterhavet eller Stillehavet mellom norske bønder og verdsmarknadsprisane. I dag er det Svinesundbrua. Difor er tida inne for å hente fram bindingslistene i WTO, der Noreg eksplisitt har kunngjort:
«Hvor både spesifikk [krone] og ad valorem [prosent] tollsats er angitt vil man benytte den sats som til enhver tid er høyest».

Reduksjonen i råvareprisar kan illustrerast gjennom utviklinga i mjølkepris til gardbrukar i Noreg, EU og New Zealand, der sistnemnde representerer verdsmarknadspris.

Reduksjonen i råvareprisar kan illustrerast gjennom utviklinga i mjølkepris til gardbrukar i Noreg, EU og New Zealand, der sistnemnde representerer verdsmarknadspris.

Stikkord denne saka: