bv36_fag

Utgiftene til fôrdyrking er betydelige. Tidsforbruket må også takast med når du vurderer å kjøpe fôr eller leige meir jord. Artikkelforfattarane reknar at du bruker om lag to timar per dekar per år.

Driftsrekneskap gir større økonomisk kunnskap om produksjonane på garden din. Detaljert økonomisk oversyn gir gode moglegheiter til å målrette tiltaka for å betre økonomien i drifta.

 

Asbjørn Voll og Per Herikstad,
Hå Rekneskapslag SA

Oppdeling av rekneskapet

Fordelen med å bryte opp rekneskapet og føre inntekter og kostnader slik at dei kan delast på ulike produksjonar, er mange. Av og til bør ein stoppe opp og tenke over kva ein driv på med og kva ein tener på dei ulike produksjonane. Det er desse små detaljane som gjer at nokre tener pengar på sin produksjon medan andre «bare arbeidar dugnad».

Tidsfaktoren

For dei fleste er eiga tid den viktigaste, og ofte den mest avgrensa faktoren. Då er det viktig at ein er trygg på at tida ein brukar gir pengar tilbake. Vi erfarer at mange bønder har ein del å hente her. Å drive med ein produksjon ein ikkje lukkast heilt med, og som heller ikkje gir pengar tilbake, er lite klokt. Vi har sett eksempel på slaktegrisproduksjon som gir så lite overskot at bonden taper pengar. I tillegg til null avkastning, brukar han verdifull arbeidstid og kanskje også leigd arbeidskraft. Tenk at dine arbeidstimar skal gi auka avkasting i kroner heile tida.

Effektivitetsmåling

Å kunne gjere ulike arbeidsoppgåver på ein effektiv måte er ein fordel. Dette for å kunne frigjere tid til andre oppgåver. Å vere effektiv betyr til dømes å ikkje bruke lengre tid enn nødvendig til eks fôrblanding, fôring eller mjølking. Kor mange liter mjølk pr. arbeidstime i fjøset er eksempel på eit slikt mål. Målingar som er utført på effektiviteten, syner store variasjonar.
Kva produksjon tener du pengar på
Det ikkje lett å få eit rett bilete av det utan ein splitter opp rekneskapen og får eit driftsrekneskap. Om du har fleire produksjonar, vil det være viktig å vite kva du tener på kvar. Kva dei bidreg med og kva tid du bruker på dette. Finst det alternativ bruk av produksjonsapparatet og tida?  Dette der noko du bør ta stilling til.
Kva nytte har eg som gardbrukar av driftsrekneskap

Lite grovfôr

Nå er det lite grovfôr i deler av landet, og nokre bønder er hardare ramma enn andre. Har du oversikt over kva du tener på dei ulike produksjonane og gjerne litt oversikt over tidsbruken, kan du enklare avgjere om det er fornuftig å redusere til dømes kjøtproduksjonen på storfe gjennom vinteren som kjem.

Kjøp av grovfôr eller leige jord

Er aktuelle vurderingar når behovet for meir grovfôr melder seg. Leige av jord genererer meir arbeid og auka maskinkostnadar. Mange har nok opplevd at det blir mange timar på traktoren med mykje leigejord. Andre inngår avtaler med nabo om kjøp av ferdige rundballar og sikrar seg nok fôr kvart år på denne måten. Dersom vi ser i nøkkeltala for Rekneskapslaga på Jæren og Dalane for 2011 for mjølkeproduksjon med påsett på mellom 80-120 %, viser dei kr 1 076 pr. daa i maskinkostnad og kr 393 i variable kostnadar per dekar.
Me bruker gjennomsnittstall for avling på 750 FEm på gras (Rogaland Landbruksrådgiving). Ein annan rapport i same nøkkeltala viser at maskinkostnad pr. daa aukar om ein går opp frå 160 daa til 400 daa. Frå kr 1037 til kr 1121. Tala avslører ei stordriftsulempe på kr 84 per  dekar.  Alt dette bør du ta omsyn til når du vurderer din grovfôrstrategi.
Saman med bonde og maskinentreprenør Leif Harbo, har Hå Gardsrekneskapslag  gjort ei vurdering på kor mykje arbeidstid ein brukar på kvart dekar  på grasproduksjon med hausting, gjødsling og eit gjennomsnittleg attlegg kvart 7. år. Vi konkluderte med at 2 timar per dekar per år er eit fornuftig tal. Litt tid til vedlikehald av utstyr er rekna med. Vi har sett ein timepris på 150 kroner. Her vil det være store forskjellar frå ulike deler av landet, avstand til teigar, ulik storleik på teigar, arrondering og maskinar.

Kr pr. daa Jæren

Agder / Hordaland

Maskinkostnad

1076

1076

Variabel grovfôr kost

393

393

Arbeid

300

600

Jordleige

500

100

Tilskot

-190

-424

Sum

2079

1745

Avling i FEm

750

450

Kostnad pr FEm

2,77

3,88

Dette viser tydeleg at det er ein betydeleg kostnad på det grovfòret me lager sjølv. Tida til å drifte jorda er nokså lik ved varierande avling. Det går med noko meir arbeid med høg avling. Tala for Agder og Hordaland er utarbeidd i samråd med Bart van Gool i Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Avlinga kan variere frå 500 FEm til 900 FEm per daa. Då ser vi kva dette påverka kostnaden per FEm.
Bart van Gool er heilt tydeleg på at dei som har høgast avling, også tener mest pengar. Har du ikkje høg nok avling, er det rimelegare å kjøpe kraftfôr eller grovfôr frå andre. Alt dette er gjennomsnittstall. Om du ønskjer det, kan rekneskapslaget ditt rekne ut kostnaden for din produksjon.

bv36_fag1

Konklusjon

Det har blitt viktigare for den aktive gardbrukaren å optimalisere si eiga drift. Driftsgrunnlaget og utfordringane er ulike, men du bør ta utgangspunkt i eigne rekneskapstal før du gjer nye val. Vi trur derfor eige driftsrekneskap og ei årleg vurdering av kva arbeidsoppgåver du tener pengar på er viktig. Tidsklemma har også kome til gardbrukaren. Det er viktig å bruke den tida du har på det som gir mest kroner tilbake.

 

Driftsrekneskap
er ei oppdeling og spesifisering av det skatterekneskapet alle er pliktig å føre. Driftsrekneskap seier noko om kva ein tener på kvar enkelt produksjon som ku, sau, gris eller korn. Dette kan samanliknast med prosjektrekneskap som alle større firma er pliktig å føre.
Nøkkeltal
er å dele driftsrekneskapet på ulike produksjonstal. Då får ein tal ein kan samanlikne med andre. Eks DB pr liter mjølk, DB pr. daa eller DB pr. ku.

Stikkord denne saka: ,