• Robot-armen før skumlegging.



Mjølkerobotar står nå for nær 40 prosent av mjølka som vert produsert i Rogaland.


Tekst: Ingve Dubland
Foto: Svein Helge Einarsen
Begge er fagrådgivarar, Mjølkekvalitet TINE Rådgiving


Talet har auka betydeleg sidan oppstarten rundt år 2000, og i dag står det robotar i svært mange fjøs. Robotane er montert ulikt, og rutinane rundt vedlikehald har nok utvikla seg forskjellig.
Gjennom ulike undersøkingar og erfaringar, viser det seg at utvendig reinhald kan påverke både bakterietal, og ikkje minst sporetal i mjølka. Når vi i TINE Rådgiving kjem rundt til våre medlemmer og dette vert eit tema, opplever vi at mjølkeprodusenten ofte gjev uttrykk for at dei er usikre på kvar dei kan vaske, og kva skade dei eventuelt då kan gjere på vitale delar i roboten. Dei fleste vil seia at dei har dårlig erfaring med å blanda vatn og straum.

Vekseplass for bakteriar

Roboten er ein maskin som i store delar av døgnet fungerer utan tilsyn. Den mjølker, leverer mjølka til tank eller kalvemjølk, og køyrer vask med jamne mellomrom. Men dersom utvendig vask ikkje vert sett i ein jamn rutine, vil det byggja seg opp eit belegg av organisk materiale (mjølkerester, gjødsel og støv frå ku og fjøs). Dette vil vera ein svært god vekseplass for bakteriar. Vi vil og peike på at det har ei etisk side. Dersom mjølkeorganet er veldig skittent kan det vera eit argument brukt mot mjølk.
Vi i TINE Rådgiving har diskutert dette med firmaene som forhandlar dei forskjellige robotane, og er einige om at dette er ei felles utfordring. For firmaene vil service på ein rein robot vera meir effektiv og gi eit betre arbeidsmiljø for servicepersonalet. For TINE vil det sikra råstoffet, og for bonden vil det vera enklare å utføra dei pålagde daglege sjekkrundane, og oppdaga feil som kan oppstå. Vi kan nok slå fast, at robotane torer å bli spylt på mest alle stader. Styreskapa er unntaket, men dei er som regel i lukka skap.

Framgangsmåte

Leverandørane seier dei har utstyr som er eigna for slikt reinhald. Ofte vil dette vera eit skumutstyr, der roboten vert skumma ned og skummet får ei tid til å virka. Etter 15-30 minutt kan ein så spyla av skummet med ein vanleg vasslange eller ein høgtrykksspylar (ver obs på at høgt trykk kan skyta vatn inn i pakningar ol.) Dersom det er område som er ekstra skitne, kan det vera lurt å gå over desse med ein børste før spyling.
For å kunna visa korleis dette skal gjerast, og kor ein kan spyla, har vi fotografert slik reingjering på dei typane robotar som vi har her i Rogaland. Vi vil presentera bilete av kvar robot for seg.
Først ute er ein serie om Lely. Robotane frå Delaval og MIone vil koma i seinare nummer.
Generelt vil vi nemna at slikt utstyr også vil vera eigna til reinhald i mjølkegraver og i tankrom. Dessutan har dei fleste leverandørane middel for bruk på andre områder. Det kan vera landbruksmaskinar og bilar. Det er oftast eit middel for kvart bruksområde. Då kan ein med fordel sørgja for at utstyret er slik at ein kan flytta det ut frå robotrommet om ein ønskjer å bruka det på fleire områder.
Oppfordringa til dykk som mjølkprodusentar med robot, er at de gjennomfører jamnleg utvendig reinhald. Då vil de få ein triveligare arbeidsplass, enklare ettersyn, meir nøgde servicefolk, og mindre risiko for overføring av bakteriar/sporer til mjølka.

Stikkord denne saka: ,