BN+

Invadert: - Det er teikn til auka utbreiing av vårkål i eng og beite fleire stader på Vestlandet. Store førekomstar fører til tynnare grasdekke og lågt avlingsnivå. Foto: Olav Martin Synnes


Observasjonar tyder på at Vårkål aukar i utbreiing på delar av Vestlandet. Planten bør takast på alvor.


Olav Martin Synnes, NLR Vest


Vårkål blomstrar tidleg i april. Han har vore rekna som lite brysam, sidan han visnar og er lite synleg frå slutten av mai. Vårkål lagar tette matter, og fører til tynnare grasdekke og lågare avlingsnivå. Han bør difor takast på alvor.
Vårkål tilhøyrer soleifamilien, med store gule kronblad. Noko av det mest særmerkte ved planten, er at han blomstrar så tidleg, kring 1. april når våren kjem tidleg. Etter blomstring visnar han gradvis. Alt i slutten av mai kan han vere lite synleg.

Toler skugge

Vårkål trivast best i kyststrok. Han førekjem i hagar, langs hekkar og grøfter, i eng og beite, og i skog. Han er mest vanleg på våt jord, og svakt sur jord. Han toler godt skugge. I litteraturen er det nemnt at tidlege unge blad kan etast. Eldre blad i store mengder reknast som giftige.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.