Det er viktig å vaske på rett vis om ein skal oppnå ein bakteriereduserande effekt.

Det er viktig å vaske på rett vis om ein skal oppnå ein bakteriereduserande effekt. (Illustrasjonsfoto.)

 

Ein klarar aldri å få eit kyllinghus sterilt etter vask og desinfeksjon. Det er om å gjera å la dei bakteriane som er att få så dårlege vekstforhold som mogleg.
 
Reidun Kristiansen
Tilførselsleder fjørfekjøtt, Nortura
 
Heile hausten 2014 har det vore skrive mykje om antibiotikaresistente bakteriar i kylling. Enkelte media har framstilt norsk kylling som reine ”giftbomba”. Mykje av det som er skrive er langt frå sanninga. Men det skal eg ikkje koma inn på her. Vi brukar svært lite antibiotika, 10 flokkar er behandla i heile landet siste 2,5 år, og ingen vaksineringargjort av norsk kylling. Produksjonsresultata ligg heilt i verdstoppen, og me har all grunn for å vera stolte av det produktet me tilbyr forbrukaren. Vekstforhold for bakteriar Sjølv om tilhøva er gode, kan alt gjerast betre. Eg vil her setja fokus på reingjering og desinfeksjon av kyllinghus etter utslakting.
Ein klarar aldri å få eit kyllinghus sterilt etter vask og desinfeksjon, men det er om å gjera å la dei bakteriane som er att få så dårlege vekstforhold som mogleg. Under optimale forhold kan nemleg ein bakterie verta til nær tre millionar i løpet av eit halvt døgn. Dei treng ein ”trekant” der sidene er mat, varme og fuktighet. Fjernar ein ei av sidene, vil ikkje formeiringsforholda vera optimale. Vask og desinfeksjon skal ta bort så mykje som mogleg av maten til bakteriane. Men opptørkingsperioden etter desinfeksjon er minst like viktig.

Få godt vaskeresultat

Det har vore fleire vaskekurs for slaktekyllingprodusentar i 2014. Her set ein fokus på korleis ein får eit best mogleg resultat av vaskejobben. Framleis er det ein del som berre brukar kaldt vatn og høgtrykkspylar. Resultatet kan tilsynelatande vera godt.
Golv, vegger og fôringskar ser reine ut. Det er ikkje ”klissete” å ta på dei etter opptørking. Men kaldt vatn og trykk løyser ikkje opp biofilm og alt feittet frå fôret. Det er ein god gøymeplass for bakteriane. Skumdannande såpe som ”heng” på veggen ei tid og vatn med temperatur på om lag 40-50˚C vil både fjerna meir feitt, film og bakteriar. I tillegg vil det letta vaskearbeidet vesentleg i og med at reingjeringsmiddel held smuss oppløyst i vatn.
Etter at møkka er køyrt ut er det lurt å fjerna mest mogleg av smusset med kosting eller støvsuging før ein bløyter opp huset med kaldt vatn. Bruk av fuktanlegg til blautgjering sparer mykje tid. Såpe bør påførast med ei skumlanse. Skummet skal virka i minimum ti minutt. Del opp huset i intervall, og jobb systematisk gjennom huset slik at du ikkje sprutar skitt over på vaska flater.

Spyl i vinkel

Det er lett å tru at når ein har vaska vegger, golv, fôrings- og vatningsutstyr så er vaskejobben ferdig. Det er han ikkje. Både tak, vifter, veggventilar og røyr- og kabelgater skal vaskast og desinfiserast. Det er viktig med gode hjelpemiddel, mellom anna ulike dyser til å ”spyla i vinkel” med eller roterande dyser til vask av ventilasjonskanalar. Mange går på taket og vaskar ventilasjonskanalane ovanfrå og ned. Dette er ein effektiv metode, men pass på å sikra deg mot fall. Ein annan plass enkelte slurvar litt med reinhaldet er i fôrrommet, kontoret og slusa. Alt skal vaskast og desinfiserast. Då er det også viktig å ha det ryddig i forrommet. Viss det står mykje rot der, er det veldig fort gjort å slurva med vaskinga og berre vaska rundt det som står der. Då er det fare for at bakteriane som ligg i skitt og lort der vil få seg ein god ”lått”, og fortsetja å leva og formeira seg. Då dreg ein inn gammal skitt frå fôrrommet når ein set inn nye kyllingar i eit godt reingjort dyrerom.

Bruk verneutstyr

Desinfeksjonen skal skje når huset framleis er fuktig. Det skal ikkje vera dammar på golvet, då vert desinfeksjonsmiddelet tynna ut. Det er viktig å bruka eigna desinfeksjonsmiddel i tilrådd konsentrasjon. Tomtida til huset er tida frå huset er ferdig desinfisert til nytt innsett kjem. Denne tomtida/opptørkingstida bør vera minimum fem dagar. Luftfukta skal då vera under 60 prosent for å få ein bakteriereduserande effekt.
Både under vask og desinfeksjon av kyllinghuset er det viktig å bruka verneutstyr. Animalia vil gje ut ei vaskebrosjyre i løpet av våren. Her vil de finna kva type såpe, vaskeutstyr, desinfeksjonsmiddel og verneutstyr ein tilrår.

Stikkord denne saka:
Share This