Grunneigar-guts gav siger i gjerdesaka mot Bane NOR. Men talsperson for grunneigarane, Bernt Terje Høyland, er hard i dommen over forsikringsselskapa og rettstryggleiken for meinigmann.
Om du ikkje var der sjølv, kan du høyra dei tre fullpakka live podcast-sendingane våre frå Agrovisjon på nettet nå.
Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.
Tine sin velferdsindikator viser at velferda for kalv går i feil retning. Veterinær Kay Arne Aarset har ei variert liste med tips og tiltak som vil betre starten på livet til dei minste i fjøset.
Torstein Tunheim har opplevd meir enn dei fleste. Nå ser 95-åringen frå Bryne tilbake på eit langt liv med landbruk, kultur- og lagsarbeid.
Petra Marie og Sigmund Trydal er begge frå gard og det mangla ikkje på gode råd frå slekt og vener då dei bygde fjøs og fylte det med telemarksfe. Men dei beste råda har dei fått frå Egil, som har sett drifta med nye auge.
Når Guro ikkje har kontroll, då ringer ho Kari. – Slapp av, det ordnar seg, er som regel svaret ho får. Og det gjer det som regel.
Bondevennen nr 11
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 13. juni.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein
podcast som det luktar fjøs av!
Vil du annonsere her?
Siste frå veterinæren:
Byllesjuke kan ramme både geit og sau. Den opptrer sporadisk og er nær sagt nyttelaus å behandle. Vanlegvis er den til liten plage for det råka dyret, men smitten er uønska i buskapen.
Denne sesongen har saueklippar Kristina Jordalen sett meir lus enn nokon gong, og aller mest på spælsau.
– Grisen er eit politisk dyr som gjer at vi kan omsette jordbrukspolitikk til mat for folk, seier Marit Kaarstad Dahl i Felleskjøpet Agri.
Ennå meir teknologi og fleire tenester? «Få heim», seier enkelte. – Stopp ein halv, seier Frank Tunheim.
På årets Svinekongress, Gris i ’25, gjorde arrangørane ekstra stas på dei mange unge svineprodusentane. 150 påmelde under 30 år, viser at dei lukkast.
Å få smitte i fjøset kan være knalltøft. Vi gir deg gode råd, om du skulle rammes.
Norsk melkeråvare melde i førre veke at dei set bruken av det metanhemmande middelet Bovaer på vent. Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har gitt negative følgjer i enkelte besetningar i Danmark.
Du har funne ein teig du må drenera. Men før du set i gang må du gjere ein del vurderingar og førebuingar.
Med dagens hjelpemiddel og aktivitetsmålarar skulle ein tru at omløp var historie. Slik er det ikkje, men aktivitetsmålaren er eit godt hjelpemiddel for å lukkast betre med insemineringa.
Ein god start på livet og rett fôring før og etter kalving er viktig for brunst og drektigheit. – Det kan ikkje teknologien gjere for deg, seier Jorid Lybæk.
Siste frå podcasten:




