Etter årsmøte i Noregs Bondelag i førre veke er kjensla av at mykje står på spel ikkje til å koma ifrå.

Effektiv digital gjennomføring tillet delegatane å lette på loket for tunge spørsmål om kanaliseringspolitikk, soneinndeling og små mjølkebruk.
Men mange ynskjer nok meir djuptgåande debattar i vakuumet etter eit forenkla oppgjer i vår, med eit ferskt næringspolitisk program på bordet, og i oppkøyringa til neste vårs oppgjer.

Sjå også artikkel – Bondelaget skjerper kanaliseringspolitikken og kommentar – Tilgi dem ikke

Det er med andre ord store forventingar så vel som konfliktpotensial i og rundt bondeorganisasjonen i tida som kjem. Potensialet for spenning blir ikkje mindre fram mot stortingsvalet neste år.

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes bygde sjølv opp under denne spenninga då han i årsmøtetalen slo fast at valet blir avgjerande for korleis landbruket vil utvikla seg framover.

Truleg er det den politiske temperaturauken mellom raudgrøn og blåblå side han har i tankane. På den eine sida har ikkje regjeringa si sentralisering og strukturrasjonalisering tent lyset i fleire fjøs, ei heller styrkt botnlinja til bonden. På opposisjonen si side har Sp tent på distriktsopprøret og fått følgje av mellom anna Ap og Mdg som nyvakna landbruksparti.

Er ei positiv retningsendring for norsk jordbruk avhengig av eit regjeringsskifte? Mykje tyder på det. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad sin tale til Bondetinget var iallfall like forgløymeleg som bondelovsongane til Høgre er uforpliktande.

Men blir alt automatisk betre med ein raudgrøn maktkonstellasjon? Får me fleire bønder på mangfaldige bruk basert på eigne ressursar over heile landet? Historia viser oss at svaret ikkje er gitt.

Bondelaget har difor ein stor jobb å gjera med å løfta jordbrukspolitikken høgare i samfunnsdebatten, så vel som i valkampen. I tida som kjem forventar me eit langt meir synleg og høglytt Bondelag, både sentralt og lokalt.

Bothild Å. Nordsletten