Riksantikvaren er på ferde i Rogaland. Denne gongen for å registrera såkalla Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA), på bestilling av Klimaog miljødepartementet. Det høyrest tilforlateleg ut, men har like fullt resultert i sterke reaksjonar frå jordbruksmiljøet i fylket, (sjå reportasje her)

Blant dei 17 nominerte landskapa finn me til dømes Suldalsvassdraget og Suldalsheiene, Randabergkysten, Jærkysten og eldgamle dyrkingsområde på Hadland, Sæland og Undheim i Time kommune. Alle stader med spor av oss gjennom tusenvis av år. Alle med dels intensivt jordbruk og mykje friluftsliv den dag i dag.

Formålet med KULA-registreringa er å bidra til god forvaltning av desse spesielle områda, særleg på areal-og sektorplan- nivå i kommunane. Òg det høyrest tilforlateleg ut. Ikkje minst i lys av kor raskt og brutalt me byggjer ned landskapa, matjorda og naturen rundt oss.
Men der Riksantikvaren i høyringsdokumentet vil ta kultursensitive omsyn til landskap som speglar «viktige faser i historien» og «hendelser, tro og tradisjon », der steilar handlekraftige bønder i frykt for «verne-uhyret».
Etter tallause kulturkræsj mellom bønder og kulturminne-folk, båe med kvar sin definisjon av «å ta vare på», er det ikkje vanskeleg å forstå gardbrukarane si uro over moglege nye hinder for drift.

Men har dei eigentleg noko å frykta? I dokumentasjonen som Bondevennen har gått gjennom kjem det tydeleg fram at KULA-registeret ikkje er ein verneplan. Ei heller skal landskapa fredast eller vernast ved at dei kjem på lista.
Målet med KULA-status er å forvalta desse områda på ein slik måte at det som er karakteristisk og verdifullt ved dei, blir tatt vare på.
Slik kan og bør KULA-status brukast for å berga jord og landskap frå store vegar og infrastruktur. Ikkje for å hindra ein bonde i å setja opp ein gjødselkum utanfor tunet, eller å fjerna éin steingard.

Slik me ser det, er KULA Riksantikvaren sitt forsøk på å sjå og tenkja lange linjer. Det er eit prisverdig initiativ i vår tid. Vil me overlata meir enn infrastruktur, plen og naturreservat til etterkomarane våre, er det på høg tid med mykje sterkare verkemidlar for å restaurera natur og styrka mangfaldet i jordbruksområda. Det er noko alle må bidra til, bønder, så vel som byfolk.

Når det er sagt så er den reelle effekten av KULA usikker. I kva grad dei registrerte områda blir tatt omsyn til i planverket, er nemleg opp til den einskilde kommune. KULA gir rett nok Riksantikvaren eit nytt grunnlag for å koma med motsegner, uansett om kommunen føreheld seg til landskapsstatusen eller ei. Men utover motsegner får embetet ingen nye sanksjonsmidlar å hutte med, der eit område står for fall.

Er du likevel uroa for kva konsekvensar KULA kan få for drifta di, oppmodar me deg til å følgja nøye med i kommunale planverk. Sei ifrå, dersom ordninga blir til urimeleg hinder eller utviklar seg til eit verneverktøy det ikkje var meint å vera.

Bothild Å. Nordsletten