Bv37_leiar

ETTER TRE ÅR med liberale Høyre og Frp i regjering, og dei sjølverklærte liberalistane, landbruk- og matminister, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale, som frontpersonar for landbrukspolitikken, burde vi ha ein viss kjennskap til kva ein liberal landbrukspolitikk er. Det er likevel berre ei delsanning. Vi har sett klare konturar, først og fremst gjennom dei mange utspela frå Listhaug, men i praksis har politikken blitt balansert av støttepartia og av stortingsfleirtalet.

UNDER SEMINARET, Ny landbruksmelding, ny landbrukspolitikk, i regi av Agri Analyse, fekk vi ein forfriskande og ærleg presentasjon av det ideologiske grunnlaget for, og konsekvensar av, ein liberal landbrukspolitikk, presentert av Haakon Riekeles, frå den liberale tenketanken Civita. Innlegget er i sin heilheit sitert i denne utgåva av Bondevennen.

HER ER NOKRE SITAT: «– En liberal landbrukspolitikk tar ikke utgangspunkt i at næringens behov som helhet skal overstyre mulighetene for den enkelte. Den aksepterer ikke at en produsents muligheter skal begrenses for å tilgodese hans konkurrenter.
– Melkekvoter som fastsetter hvor i landet produksjonen skal finne sted, eller dagens produksjonstak på mjelk eller kylling, er ikke en del av liberal landbrukspolitikk. Svaret er ikke å øke produksjonstakene, men å fjerne dem.
– På mange måter kan det jeg anbefaler oppsummeres til en todelt landbrukspolitikk, med en intensiv del og en ekstensiv del. Hvor vi lar de som produserer mat effektivt fokusere på det, uten unødvendige regulatoriske hindringer, men også uten særlig støtte.
– En liberal landbrukspolitikk trenger ikke være en politikk helt uten subsidier. Det er naturlig at samfunnet støtter verdier som kommer alle til gode, om det så er naturmangfold, kulturlandskap eller klima».

MYKJE AV det tankegodset vi blei presentert for av Civita-representanten, kjenner vi igjen frå regjeringsplattforma, av 2013, der det mellom anna heiter at «Regjeringen ønsker et tydeligere skille mellom landbrukspolitikk og distriktspolitikk. Hovedformålet med landbrukspolitikken skal være en kostnadseffektiv matproduksjon».

VI FORVENTAR å finne meir av tanke­godset frå regjeringsplattforma enn frå gjeldande landbruksmelding og frå Bondelaget sitt nye næringspolitiske program, når den nye landbruksmeldinga blir presentert. Gjeldande melding og Bondelaget sitt program har ein politikk med overordna målsettingar om matsikkerheit og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Vi ventar ei smalare målsetting med Høyre/Frp-regjeringa.
Og korleis vil Regjeringa, i den nye meldinga, handtere berebjelkane i landbrukspolitikken; importvern, jordbruksforhandlingar med prisforhandlingar og landbruksstøtte, juridiske verkemidlar/eigarskap og mark­nads­ordningane. Blir det rom for politisk styring og regulering ­under eit liberalt regime?

HAAKON RIEKELES, I CIVITA, skal ha honnør for ikkje å tåkelegge ideologi og konsekvensar av ein liberal landbrukspolitikk. Han presenterer ein politikk som først slår ut matproduksjonen i distrikta og deretter sit næringa att med ein volumproduksjon «uten særlig støtte».
Med dagens stortingsfleirtal er det ikkje politisk handlingsrom for å ta ein liberalistisk landbrukspolitikk heilt ut, men det bør ikkje vera tvil om retninga. Vi åtvarar mot at den nye landbruksmeldinga blir eit ideologisk eksperiment, som Trond Reierstad, i Tine, uttrykte det under Agri Analyse konferansen.

Eirik Stople

Stikkord denne saka: