Den lenge frykta nye gjødselvareforskrifta er i kjømda. Alvoret, særleg for bøndene i Rogaland, er vanskeleg å underslå.

Ifølgje Nationen kan utkastet til ny forskrift, som truleg kjem på høyring i haust, innehalda framlegg til spreiearealskrav som ligg tett opp til det Miljøverndirektoratet har føreslått. Direktoratets strengaste framlegg inneber 7,1 dekar per gjødseldyreining, eller 2,1 kg fosfor per dekar. Det er i så fall ei dramatisk endring frå dagens fire dekar eller 3,75 kg fosfor per dekar. Skulle tala stemme, og skulle dei bli vedtatt, må bøndene bu seg på ein enorm kostnadssmell. Konsekvensane for det norske jordbruket kan bli dramatiske.

Ingen regionar vil kjenne følgjene så hardt som husdyrtette Rogaland. På Jæren er arealkapasiteten nærast sprengd. Ut frå ei berekning frå Statsforvaltaren i Rogaland frå 2018, vil fylket mangla 263.000 dekar «berre» med eit krav på seks dekar per GDE. I verste fall ser me då på drastiske kutt i talet på husdyr og dramatiske økonomiske følgjer for dei med store investeringskostnadar og gjeld. NIBIO har vurdert kostnadane med å handtere fosforoverskotet til opp mot 13 milliardar kroner, berre for Rogaland. Kostnadane vil truleg knusa eit kvart håp om snarleg tetting av inntektsgapet.

Les også: Rogaland kan koma til å mangla ein kvart millionar mål

Det er EUs vassdirektiv som ligg til grunn for forskriftsendringa. Målet er mellom anna å heva vasskvaliteten i jordbruksregionar. Særleg Jæren har langt att før alle vassdrag og kantsonar myldrar av noko nær opphaveleg liv. Og kyrne våre både produserer meir og skit meir enn før. Truleg må me akseptera ei viss oppdatering og innstraming av eksisterande spreiearealskrav. Det me ikkje kan godta er eit unyansert, europeisk blanko-krav.

Noreg har som kjent berre tre prosent dyrkbar mark, og dei negative følgjene jordbruket har på vassdraga vil totalt sett vera avgrensa. Tilstanden er ein heilt annan i landa som EUs vassdirektiv vart laga for. 40 prosent av Nederland blir drive intensivt. 60 prosent av Danmark. Over 40 prosent av Belgia. Det seier seg sjølv at desse landa har heilt andre utfordringar med vatnet enn Noreg. Med dette in mente framstår innføring av langt strengare spreiearealskrav i Noreg som å skyta sporv med kanonar.

I tillegg er det vanskeleg å sjå korleis me skal nå politiske mål om auka matproduksjon, dersom ikkje landets mest dynamiske jordbruksmiljø får produsera maks på dei gunstigaste areala. Drenering av dei siste myrane og bruk av kystlynghei for å auka spreiearealet er ikkje eit godt alternativ.

Direktesåing. Tilpassa gjødslingstidpunkt. Auka lagerkapasitet. Kutta ut fosforhaldig kunstsgjødsel. Solide kantsonar. Og, ikkje minst, spreiearealskrav som tar høgd for at næringsbehov, avlingar og andre forhold varierer frå plass til plass. Slike tiltak tykkjest å vera meir i samsvar med dei norske fosforutfordringane. Og – om ikkje satsinga på biogass har tatt av til no, ser tidpunktet for «lift off» ut til å vera inne.

Svært mykje står på spel. Tusenvis av arbeidsplassar og stor verdiskaping ligg også i potten. No hastar det for Rogaland og Jæren å koma opp med tala som synleggjer gjødselbruk i forhold til behov, avlingar og fôrkvalitet. Kunnskap og god oversikt over drifta var og er vesentleg om ein skal kunna hevda seg i det gjødselbomba snart blir sloppen.

Bothild Å. Nordsletten