image description

SJØLV MED stor avstand mellom landbruket sitt krav og staten sitt tilbod, bør det ikkje overraske nokon at faglaga vel å sette seg til forhandlingsbordet. Alternativet er å sitte på tribunen og å vera tilskodar når vilkåra for eiga framtid blir forma ut.

TILBODET utfordrar landbrukets forhandlingsutval både på rame og prioriteringar. Overføringane frå statsbudsjettet er redusert med 70 millionar kroner frå 2015 avtalen. Ved å auka målprisane tilsvarande 175 millionar kroner, snekrar staten eit tilbod med ramme på 90 millionar kroner. Det gir ein berekna lønsauke på 4.200 kroner per årsverk.

KRAVET har ei rame på 860 millionar kroner, med ein gjennomsnittleg inntektsvekst på 20.800 kroner per årsverk. Det store spriket mellom krav og tilbod ligg i budsjettstøtta, der kravet er pluss 577 millionar og tilbodet er minus 70 millionar kroner i forhold til 2015 avtalen.

I EI PRESSEMELDING kommenterar leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, grunnlaget for å oppta forhandlingar: «Utgangspunktet for å starte forhandlinger er de prioriteringene som ligger i kravet. Først og fremst handler det om å gi et økonomisk løft for de mindre og mellomstore gårdsbrukene, gjennom økte budsjettmidler. Videre er det viktig for jordbruket å redusere inntektsforskjellene mellom jordbruket og andre grupper. Jordbruket har også klare prioriteringer innenfor klima».

HER ER VI i kjernen av utfordringa ved årets jordbruksforhandlingar. Tilbodet har ikkje verktøy til å utøve ein politikk i den retninga som faglaga har utforma i kravet. Tilbodet har heller ikkje økonomisk oppdrift til å dekke inntektsforskjellane mellom jordbruket og andre grupper.

STATENS FORHANDLINGSLEIAR, Leif Forsell, har rett når han seier at tilbodet ikkje har i seg ytterlegare strukturdriverar utover det som kom inn i 2014-avtalen. Det betyr at strukturendringane rullar vidare, med dei konsekvensane som totalkalkyla dokumenterer. Dei økonomiske kreftene i avtalen arbeidar mot mangfald og landbruk over heile landet. «Statens tilbud betyr aktiv nedbygging av norsk matvareproduksjonsevne», seier leiar i Norsk Bondeog Småbrukarlag, Merte Furuberg i ein kommentar til tilbodet.

VED INNGANGEN TIL forhandlingane, har faglaga, i ei pressemelding/arbeidsdokument, vist til føringane frå ein samla Næringskomité, gitt i
samband med 2015 avtalen, der det heiter: ”En samlet næringskomité ønsker et miljøvennlig, bærekraftig og fremtidsrettet norsk landbruk med både store og små bruk i hele landet. Det må opprettholdes en differensiering i virkemidlene, som legger til rette for en variert bruksstruktur og sikrer bærekraftig produksjon på jordbruksarealene i hele landet.”

JORDBRUKSFORHANDLINGANE i 2016 blir igjen eit retnings- og verdival. Ole Brumms ideologi; ja takk begge deler, er sjeldan gagnbar politikk, men i denne settinga trur vi han har eit poeng. Politikk for ein variert bruksstruktur er svært viktig, både for landbruksnæringa og for nasjonen. 13. mai veit vi om forhandlingane endar med brot eller avtale.

Stikkord denne saka: