Ikkje dill med dreneringstilskota

23. februar 2024

Landbrukets klimaplan som skal vera innfridd alt i 2030, inneheld åtte satsingsområde. Satsingsområde fem heiter: Betre bruk av gjødsla og god agronomi. Her blir god drenering nemnt som eit av tiltaka som gir lågare klimagassutslepp.

For godt drenert jord med lågare vassinnhald reduserer danninga av lystgass – ein svært potent klimagass. Skikkeleg drenering er også ein føresetnad for meir køyresterk jord, for god jordhelse og høge avlingar av høg kvalitet.

Drenering er altså ein «no brainer», både i klimaarbeidet og for matauken. Det har det alltid vore i kalde, våte Noreg med den korte vekstsesongen. Det vil det i høgaste grad fortsetja å vera, for det både regnar og fløymer oftare og hardare.

Mange gledde seg såleis over at dei nasjonale satsane for dreneringstilskot vart nesten dobla etter jordbruksavtalen i fjor sommar. Frå 2.500 kroner til 4.000 kroner per dekar.

Men kva nyttar det, når den totale nasjonale potten ikkje auka tilsvarande, og fleire stader til og med nå opplever å få redusert pott?

For Rogaland vart midlane redusert frå seks millionar kroner til 4,5 millionar kroner. I Kvinnherad kommune i Vestland vart potten til dreneringstilskot redusert frå 150.000 kroner i fjor til 97.000 kroner i år. I den driftige landbrukskommunen med 40.000 dekar jordbruksareal i drift, kan dei berre gi dreneringstilskot til 24 dekar. Det er uhøyrt.

Drenering kostar, men det er ikkje noko me har råd til å slurva unna. Faren er at bønder som ikkje er raskt nok ute med å søkja midlar frå ein slunken pott, misser motivasjonen og slepp jorda. Det må me for all del unngå.

Den nasjonale dreneringspotten må aukast – ikkje med ord, men med tilstrekkeleg midlar, og det straks. Det er eit billeg, jordnært, og matnyttig tiltak, skal me nå både klimamål og mål om auka sjølvberging.

Stikkord denne saka: