Onsdagskveld i førre veke vart det skrive eit skammens kapittel i norsk historie. Då la Landbruks- og matdepartementet sin sjef, Olaug Bollestad frå KrF, fram føreskrifta om kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhaldet i Norge. Med den får me svart på kvitt stadfesta at norske styresmakter ikkje er viljuge til å gjera opp for seg etter å ha innført eit forbod mot ei lovleg næring. Uvilja provoserer.

Regjeringas vedtak er småleg, frekt og aldeles ubegripeleg. Me har til siste stund venta at dei folkevalde representantane for rettsstaten, med Bollestad i spissen, ville ta til fornuft, snu og vedta det einaste rette, nemleg full kompensasjon for pelsdyrbøndene som må stenga dørene, sanere livsverket og finne nye inntektsvegar.

For pelsdyrbøndene og deira familiar brast vona i det hangande snøret. Me kan, slik det ser ut nå, berre uttrykkja vår djupe medkjensle med dei som nå må tola nok eit dramatisk tilbakeslag.

Bokført verdi speglar ikkje på nokon måte verdiane, eigeninnsatsen og kostnadane pelsdyrbøndene har hatt med å bygga og å utvikla næringa opp mot ei skinnkvalitet og dyrevelferdsstandard i verdsklasse. Enkeltpolitikarar frå Framstegspartiet og Høgre bidrog til å lappa på det opphavlege forslaget som var ute på høyring. Det vart mellom anna innført eit tispetillegg. Likevel var det himmelvid skilnad mellom regjeringa sitt framlegg og pelsdyrbøndene sine behov. Med den vedtekne føreskrifta lappast det enda litt meir, samstundes med at dei kritiske røystene i regjeringskonstellasjonen kanskje blir stagga.

I tillegg til bokført verdi og tispetillegg, får dei som driv med mink eit alternativ i form av ein kompensasjon på 2.150 kroner per minktispe, basert på talet tisper i farmen i 2017. Kjelder Bondevennen har vore i kontakt med, seier det alternative tispetillegget kunne hatt effekt dersom beløpet hadde vore det doble, altså kring 4.000 kroner. Det høyrer med til den utrulege historia at reveoppdrettarane ikkje kan velja det nye alternativet. Dei må framleis førehalda seg til bokførte verdiar med fråtrekk av sju prosent kvart år frå 2017, saman med eit tispetillegg på 840 kroner. Forstå det den som kan.

Kompensasjonsføreskrifta vil rett nok føra til at tapet pelsdyrbøndene vil sitja att med etter at regjeringa har fått viljen sin, blir noko redusert. Enkelte vil kome noko betre ut av nedlegginga med det nye alternativet. Men same korleis me snur og vender på dei tre papirarka frå departementet, handlar dei definitivt ikkje om full kompensasjon.

Den berekna kostnaden til full kompensasjon til dei kring 200 råka familiane er kring to milliardar kroner. Kompensasjonsordninga, som ho no er vedteken, er på kring 850 millionar kroner.

Regjeringa kan ikkje eingong vedkjenna seg kva motiv som ligg bak uvilja mot å bla opp den siste dryge milliarden. Medan storsamfunnet på julehandel møter regjeringa si ugjerning med eit skuldertrekk, må pelsdyrbøndene gå inn i adventstida med ei blytung bør på ryggen.

Det er så ufortjent som det kan bli.

Sjur Håland

Stikkord denne saka: