Kvart tredje år får Rogaland eit ekstra godt høve til å visa seg fram som det store jordbruksfylket det er, og i haust skjer det igjen: Agrovisjon 2019 går av stabelen i Stavanger 1.-3. november. Bondevennen er messeavis, og me har fylt denne utgåva med masse spanande lesestoff som me håpar faste og nye lesarar vil ha glede av.

Du skal vera bra tøff for å stå i bondeyrket i dag. Den er modig som planlegg eit liv i næringa. Vel har maskinar og smart teknologi letta dei tyngste børene, men klimakrisa og stadig nye krav og forventingar frå omverda gjer kvardagen utfordrande nok. Kjøtdebatten pågår for fullt. Folk drikk mindre mjølk og mjølkebøndene står innfor store produksjonskutt. Importen aukar. Pelsdyrnæringa kjempar for eit anstendig sluttoppgjer. Gamle definisjonar av kva god dyrevelferd er, står for fall. Og trass i FNs varsku om konsekvensane av klimaendringane for verdas matproduksjon, la regjeringa vår nett fram eit statsbudsjett som skrotar etablering av beredskapslager av korn…

Like viktig som å kjempa for sjølvbergingsevna, blir det for bonden å ikkje stritta imot, men å kunna tilpassa seg endringane som kjem, anten det gjeld klima, marknad eller regelverk. Me er sårbare her nord. Me treng kvar einaste av dei snautt 40 000 bøndene som er att. Helst skulle me hatt mange fleire.

Og bønder treng kvarandre. Difor er Agrovisjon viktig. Her får bønder vera bønder, dyrka faginteressa, snusa på teknologiske nyvinningar og ikkje minst vera i lag. Andre som er nyfikne på jordbruket får verdifull innsikt i ei kompleks næring.

Arrangøren melder om stor pågang frå føretak som vil stå på stand. Rogaland Bondelag melder om kjempeinteresse for Ung bonde-kurset. 120 nyetablerte eller komande bønder har meldt seg på, mellom dei mange par. Det vitnar om optimisme. Det vitnar om oppdrift. Trass alle utfordringar.

Bothild Å. Nordsletten

Ny Bondevennenlesar?

Mange bønder i sør og vest vil vera kjende med fagbladet Bondevennen – me har jo kome ut i over 120 år! Som messeavis for Agrovisjon 2019 kjem Bondevennen ut i eit ekstra stort opplag til alle som søkjer produksjonstilskot i Agderfylka, Telemark, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Om du ikkje alt held bladet, men likar det du les, er du hjarteleg velkomen som fast tingar. Me dekker aktuelle saker i sør- og vestlandsjordbruket, tek deg med på gardsbesøk, formidlar fag og friske meiningar 40 fredagar i året!

Møt oss på stand på Agrovisjon, ring 51 88 72 61 eller ta kontakt på post[a]bondevennen.no

Stikkord denne saka: