– Det som for vegvesenet nå er ei ideell løysing, blir ein katastrofe for bøndene og matproduksjonen på Bråstein, seier den pensjonerte bonden Tor Håland i denne saka.

Det er den nye E39 han snakkar om. Temperaturen langs tofeltsvegen mellom Kristiansand og Stavanger er i ferd med å stige. Avgjerder om traséval nærmar seg. Meter for meter handlar det meir om skadeavgrensing, enn om entusiasme.

Taparane langs det Samferdsledepartementet ser føre seg som ein firefelts veg med fartsgrense på 110 km/t, er opplagte. Matjord, slektsgardar, bønder og lokalsamfunn. Natur, fredelege og vakre landskap. Vinnarane er vegentusiastar, lokale næringsforeningar, pendlarar, hyttefolk og bedrifter som vil kunne køyre inn nokre titals minutt.

Det arealkrevjande milliardprosjektet rullar som lagnadsstyrt fram gjennom dalane. Intuitivt forståeleg er det likevel ikkje.

Trafikkgrunnlaget for fire felt sør for Ålgård er høgst usikkert, langt inn i framtida. Ingen instansar veit kor mykje matjord som til slutt vil ha gått tapt når alle strekk, kryss, avkøyringar og kulvertar står ferdige. At høge bompengeavgifter truleg vil forpurra køyregleda, er det få som snakkar om.

Tida vil vise kor vidt nye E39 totalt sett vart eit samfunnsøkonomisk blinkskot eller ein bommert. Men då kan det vera for seint for landbruket. Bønder langs dei ulike traséalternativa legg no investeringar på is, eller blir nekta å auka verdien på garden av det offentlege. Opsjonsavtalejegerar banker på dørene.

– Det handlar om levebrødet mitt, seier Håvard, sonen til Tor.
Med eit plutseleg pennestrok vil Vegvesenet no legga meir av vegen over open mark og plassera ei tverrforbinding tvers over garden hans. Fleire bønder langs dei ulike traséalternativa er urolege og søv dårleg. Jobbar inn mot lokale styresmakter det dei maktar.

At bondelag, jordvernforeiningar eller kommunale styresmakter aldri stilte spørsmål ved sjølve grunngjevinga for ny E39, forsterkar kjensla av lagnadsstyring. Resignasjonen lovar dårleg for andre og komande kampar for landbruket.

Spørsmålet dei burde ha stilt er følgjande: Er problema med dagens E39 verkeleg så store at ei utviding til fire felt rettferdiggjer stort tap av umisseleg matjord, uopprettelege naturinngrep, grunnskaking av lokalsamfunn og, ikkje usannsynleg, færre bønder?

Bondeorganisasjonane og fleire andre tek til orde for at nedbygging av matjord berre kan aksepterast når det gjeld etablering av samfunnskritisk infrastruktur. Vi har no under 40 000 aktive bruk att her i landet. Berre tre prosent av Noreg er dyrka mark. Me veit at klimaendringane gjer den matproduksjonen som me er samde om å auka, stadig meir utfordrande.

Om ikkje sentrale styresmakter forstår at samspelet mellom matjorda og bøndene som driv henne utgjer kritisk infrastruktur, vonar me at kommunale politikarar har innsett det. Trass sterke føringar frå involverte departement, kviler ansvaret for lagnadstunge avgjerder no på skuldrene deira, inn mot viktige høyringsrundar.

Det handlar om Håvard Håland sitt levebrød. Og om vårt.

Bothild Å. Nordsletten