Bondevennen kjem ut éin gong i veka og går denne gongen i trykken midt i det kanskje mest dramatiske og krevjande jordbruksoppgjeret som har vore nokon gong.

Målet til faglaga var også i år å sikra bøndene deira rettmessige timeløn og del av velstandsutviklinga. Det var eit hav mellom kravet på 2,1 milliardar kroner frå bøndene og staten sitt tilbod på 962 millionar kroner. Når berre smular frå dei rike sitt bord vart tilbydd dei som skal sikra landets befolkning mat, mattryggleik, busetting og arbeid i distrikta, måtte det bli bråk.

Landbruket har tradisjon for å stå samla når det gjeld. Fragmentering og splid vil svekke Hovedavtalen frå 1950 som sikrar den unike forhandlingsretten landbruket har med staten. Det me kan slå fast, er at Bondeopprøret i staden for å splitta har synt seg å fylla rolla som ein klok, klartalande og seriøs grasrotaksjon som har gitt faglaga ekstra ryggdekning og truverd. Innsatsen til Bondeopprørets representant, Ola Berthling Lie-Husby, i NRK-programmet Debatten i førre veke, var prisverdig.

At faglaga valde å bryta og ikkje gå i forhandlingar med staten, er både uvanleg og svært dramatisk. Rekneskapa ute hjå bøndene har ikkje gått i hop som dei burde dei siste åra. Om marknaden har blitt lettare siste året og det har blitt mogleg å ta ut betre prisar på enkelte av produkta, har kostnadsauken i andre enden rett og slett eksplodert. Bøndene har eit stort etterslep på vedlikehald og investeringar – og eit stort inntektsgap å fylla. Denne negative økonomiske utviklinga saman med eit lite realistisk grunnlagsmateriale for å kartleggje dei reelle inntektene i landbruket, bygde seg opp til ei misnøye og eit skrikande behov for å seia i frå om at nok er nok.

Norske bønder har brukt det sterkaste verkemiddelet dei kan for å fortelja nasjonen at deira framtid og eksistens står på spel. Nå skal staten sitt tilbod til jordbruket behandlast i Stortinget. Der er det, som alltid, fleirtalet som rår. KrF har skuffa mange allereie. Det er lite truleg at resten av høgresida kjem til å ta inn over seg alvoret bøndene står i. Heller ikkje ser det ut til at det rådande fleirtalet i nemneverdig grad har fått den naudsynte vekkjaren som koronapandemien har synleggjort: Eit anstendig jordbruksoppgjer handlar til sjuande og sist om beredskap for å sikra mat til eige folk. Å ikkje i tilstrekkeleg grad syta for samfunnstryggleik og beredskap er alvorleg.

Kimen er sådd for ein ny landbrukspolitikk ved eit regjeringsskifte til hausten. Me kan ikkje anna enn lita på at eit nytt stortingsfleirtal har forstått kva det går i.  

Sjur Håland

Stikkord denne saka: