Nokre politiske utspel slår hardare enn andre. Leiinga i Q-meieriene sine utfall, slik dei vart framstilt i Bondebladet nyleg, er eigna til både å auka konfliktnivået, styrke oppslutninga om motparten – og provosera til nyttig debatt.

Det handlar om dei konkurransefremjande tiltaka i prisutjamningsordninga (PU) for mjølk, som ligg til vurdering i Mat- og landbruksdepartementet. Tine vil ha dei vekk og meiner konkurrentane no bør klara seg utan. På motsett side vil Q-leiinga styrkja tiltaka.

Argumenta til administrerande direktør i Q, Bernt Myrdahl, høyrest i så måte til forveksling ut som ein trussel. Skulle Q miste 140 millionar i tilskot, må dei kompensera ved å melda seg ut av PUordninga, resonnerer Myrdahl. Ikkje nok med det. Q-sjefen vil i så fall over på kontraktproduksjon og såleis gå ut or kvoteordninga. Noko som ville gitt fri kvote for Q sine leverandørar.

Få har så god innsikt i PU-ordninga som den tidlegare samvirke-mannen Myrdahl. Men du treng inga doktorgrad i landbrukshistorie for å sjå kva direktøren set i spel: Den norske landbrukspolitiske modellen med spreidd produksjon over heile landet. Ein modell som er gjort mogleg blant anna fordi PU-ordninga sikrar bøndene same pris for mjølka uansett kor dei bur eller kva mjølka blir brukt til. Q-direktøren er til og med ærleg om at følgjene av det han seier vil vera «kjempeuheldig» for bøndene.

Q-bønder flest vil ikkje ha det på seg at dei står last og brast med ei leiing som held destruksjon av denne unike modellen opp som ris bak spegelen. Dei veit betre, og utspelet har då for lengst ført til intern debatt og fleire overgangar til Tine.

Kan hende sjansar Myrdahl på at kvarmansen ikkje fullt ut forstår PU-ordninga, og dreg difor nokre enkle slutningar. Uansett vert Q-sjefen gjennomskoda også av Tine sin konsernsjef Gunnar Hovland. På facebook stadfestar Hovland at utspela undergrev både mjølkeordninga og distriktslandbruket. Det er også betryggjande å sjå at nesten ingen parti på Stortinget ønsker å utfordre den grunnleggjande politikken og marknadsordninga for mjølk.

Rogaland er kjenneteikna av sterk og akseptert konkurranse mellom Tine og Q. Bøndene står fritt til å velja kven dei vil levera til, anten det er mjølkepris, faglege, ideologiske eller menneskelege faktorar som avgjer. Samstundes er Myrdahl sitt utspel ein klår påminnar om kven som garanterer bonden høgast mogleg volum, pris og sikker levering: Det er og blir samvirket.
Ei slik avklaring var neppe Q-sjefen sin intensjon då han tok bladet frå munnen. Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko.  

Bothild Å. Nordsletten

Stikkord denne saka: