BN+

Treng ny kunnskap: Ansvaret for å drive bærekraftig landbruk kan ikkje kvile på einskildbonden åleine. Det er eit samfunnsansvar, meiner veterinær Bjørn Helge Brunborg.


Som dyrlege i meir enn 30 år har Bjørn Helge Brunborg opplevd landbruket på nært hald. Han ser at effektivitetsjaget går på helsa laus for bonden, matjorda og miljøet.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Det moderne mennesket si svøpe er at me har overdriven sjølvtillit, og me manipulerer naturen utan å forstå at det fører til ein kaskade av reaksjonar me ikkje har kontroll på. Me treng politikarar som prøver å finna svar på andre spørsmål enn før, meiner Bjørn Helge Brunborg, veterinær i Voss.


Han er engasjert og har klare meiningar om klimaspørsmål og samfunnsutvikling. I sentrum av Voss driv han Hestavangen Dyreklinikk, og eig mellom anna eit populært kafébygg på torget. Gjennom avisinnlegg løftar han stadig behovet for møteplassar og levande lokalmiljø. Smådyrklinikken og sentrumsutvikling står hjartet nær, men aller mest omsut har dyrlegen og bondevenen for landsbygda og livet på garden. Og utviklinga han ser, vekkjer uro.


– Korleis har bonden sine utfordringar endra seg dei 30 åra du har vore innom vestlandsfjøs?


– Det var same tankesett på 80-talet som no, med fokus på effektivitet. Konsekvensen har blitt at maten er veldig billig, mange bønder har slutta, og dei som er att har blitt større. Me har mista gardane med fleire dyreartar og mykje folk i tunet. I staden er det store maskiner, store forhold og mange einsame bønder, seier Brunborg.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: