Gardbrukarar: Amanda Hansen Stangeland og Thomas Stangeland har ikkje angra på at dei blei sauebønder i 2016.

Frå byggefeltet ved sjøen gjekk Amanda og Thomas mot straumen opp Espedalselva, for å drive gard. Avgjerda om å bli bønder tok dei på ei veke.

Jofrid Åsland

Draumen om eit liv på gard blei brått innfridd. Livet i byggefelt kunne ikkje konkurrere mot ein kvardag tett på dyr. Det var tilfeldig at det unge paret fekk nyss om at garden Drivflåt i Forsand i Rogaland skulle seljast. Amanda Hansen Stangeland kom raskt i kontakt med eigar av garden via ei melding på Facebook. Slik byrja ballen å rulle, veldig raskt.

– Eg har alltid hatt lyst på ein gard, og liker livsstilen der det alltid er noko ein kan gjere, seier Thomas Stangeland.

Det var kanskje Thomas som ivra mest for gardslivet i starten, men Amanda var ikkje vanskeleg å be. Ekteparet var i tenkeboksen ei veke, så var dei klare. Hausten 2016 eigde dei plutseleg ein gard

– Me visste at me måtte gjere dette no. Det er ikkje ofte ein får ein slik moglegheit, seier Amanda.

Familien flytta frå eit nyoppussa hus ved sjøen i Forsand sentrum. Drivflåt ligg likevel berre ein ti minuttars køyretur frå byggefeltet. Dei tre jentene går framleis på same skule og barnehage. Fleire har kommentert at Amanda og Thomas har kjøpt seg til mykje arbeid. Fridomen og moglegheitene på garden veg likevel opp for alle dei tunge taka. Elva som fossar gjennom dalen byr på fiske. Hestar og sauer like utanfor døra syter for aktivitet og ikkje minst, her kan den som vil, vere åleine.

Meir fridom og køyring

– Er det noko ved gardslivet som overraskar?

– Køyringa, kjem det samstemd frå ekteparet.

– Det er ikkje lenger enn ti minutt ned til Forsand sentrum, men med tre ungar som skal vere med på ulike aktivitetar blir det mykje køyring, seier Thomas.

– Men eg ville ikkje ha bytta tilbake. Eg vil heller køyre, og bu så fritt som me gjer no, legg Amanda til.

Garden Drivflåt er 224 daa stor. 25 daa er dyrka mark, 30 daa beite og resten er utmark samt noko granskog.
Våningshuset er truleg frå 1850, driftsbygningen frå 1930.
Drifta på garden er 30 vinterfôra sau.
Det høyrer også fiskerett i Espedalselva til garden.
Både Amanda og Thomas har full jobb utanom garden. Thomas er tømmermann hos Trebygg Strand og Amanda arbeider ved Joker Lysefjorden.

Nykomingar: Årets kopplam.

Hest og hobby: Dei har tre hestar på garden. To islandshestar og ein shetlandsponni.

Ferske i faget

Vinteren 2016 kjøpte dei 22 livlam, og fekk akkurat flokken inn i sauehuset til paringa skulle starte. Planen var eigentleg å kjøpe ti lam, men Stian Espedal i Nortura lokka Thomas og Amanda til å kjøpe fleire. I dag tel flokken 30 vinterfôra sauer av rasen NKS.

– Ingen av oss er frå gard, og ingen hadde erfaring med sau. Læringskurva har vore svært bratt, seier Amanda.

Både ho og mannen har vore avløysarar. Thomas var ofte avløysar på garden til morfaren og tok agronomutdanning ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke i 2006-2007.

– Me har hatt svært god hjelp frå Stian Espedal i Nortura, veterinær Sveinung Madland og gode naboar i oppstarten, fortel ekteparet.

Spæl for mindre lam

– Me har nytta spælvêr på leggelamma i år, og merkar stor skilnad frå i fjor. Lamminga er mykje lettare for dei ettersom spælvêren gir mindre lam, fortel Thomas.

Han kjenner seg mykje tryggare under årets lamming enn i fjor. Snart er den travlaste tida over. Sauene skal beite i Espedalsheia etter vårbeite. I år kjem dei til å la sauene beite førsteslåtten, og slå andreslåtten.

– Eg trur me vil ha igjen for at sauene får godt beite før dei skal på heiabeite, seier Thomas.

Han tykkjer det er kjekt å ha sauene i heia.

– Det tek om lag åtte til ni timar å drive dyra inn dit. Eg har alltid likt å gå turar, men det er endå gildare å gå i heia når ein skal sjå etter sauene, fortel Thomas.

Travle tider

Gjeremåla er mange, men dei ferske bøndene tek utfordringane på strak arm.

– Me har veldig lyst til å drive staden, og opplever ikkje at me har tatt ein større risiko enn nokon som kjøper eit hus i byen, seier Amanda.

– Det er kjekt å ha noko å gjere på, seier Thomas.

– Heile tida, legg Amanda til.

Dei to skal rydde beite, opparbeide ein ridebane og grusvegar til gjødsling, og kanskje auke sauehaldet. Mykje skulle vore gjort, og med tida skal det også gjerast.

– Med tre ungar og full jobb får me ikkje gjort alt med ein gong, slår Tomas fast.

Sjølvmelding

Mest nøgd med:
Me liker veldig godt plassen.

Kva kan bli betre:
Me vil fjerna meir einer og skog for å få meir beite.

Tips og råd:
Viss du har lyst til å bli bonde, ikkje nøl om sjansen byr seg.

Stikkord denne saka: