BN+

Eit familieprosjekt: Miriam og Gjermund har funne sin måte å balansere gard og familie med fulltidsjobb. Ikkje minst er det viktig å engasjere barna frå dei er små. – Det hadde vore fint å leve av sauehaldet, men det er krevjande slik alt har blitt. Det krev mange dyr og mykje jord, seier Gjermund.

Deltidsbønder på heiltid



Gjermund Seim og Miriam Rørlien har funne ei driftsform som gjer det mogleg å drive godt med sau i tillegg til full jobb og familie. – Om eg rekna timar skulle eg aldri hatt tid til arbeid utanom, seier Gjermund.


Liv Kristin Sola


Nitten dagar med lamming er akkurat over. Miriam og Gjermund kan nøgd konstaterar at det har gått bra. 68 søyer fekk 164 lam. 157 av dei er merka. For deltidsbøndene med heiltidsjobb utanfor bruket er gode rutinar heilt avgjerande.


– Med knapt 70 søyer er me for små til å leige hjelp. Då må me vere effektive og nytte tida godt, seier Gjermund.


Paret dreg lasset i lag, men allergi gjer det krevjande for Miriam å delta i det daglege arbeidet i fjøset.

Født sauegal

Som 15 åring hadde Gjermund ansvaret for 20 vinterfôra sau. Dyra fekk han ha på småbruket til besteforeldra på Bulken. 16 år gammal gjekk vossaguten til banken i lag med mor si for å søke lån. Han trengde traktor.
Banksjefen hadde god tru. Fire år seinare forpakta Gjermund eit bruk i Seimsgrend. I 2012 overtok han og Miriam fire dekar dyrka jord og eit trefjøs frå 1920, etter Gjermund si mormor. Bonden var blitt 27 år og saueflokken var blitt tre gonger så stor.
Med kunnskap om tømmer og snekring i baklomma sette han i gang med å restaurere og utvide det gamle trefjøset for å tilpasse det dagens standard. Lyst og triveleg, men med hundre år gammal historie impregnert i veggane.
Gjermund har alltid vore sauegal og frå tidleg i tenåra gjekk han i føtene til meir erfarne og minst like engasjerte, Kjetil Rødland.


– Kjetil har vore ein viktig mentor for meg, seier Gjermund.

Kunsten å konsentrere lamminga

Gjermund tar alltid ferie frå XL-Bygg i veke 16 og 17. Paringa vert finjustert for å konsentrere lamminga frå helga i veke 15 og to veker fram. Bonden har ein metode som fungerer. Fjøset har tre gonger to bingar. Kvar av dei tre vêrane blir flytta systematisk mellom to bingar. Ein binge om dagen og ein om natta.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,