BN+

Sjekker alle: Alle føtene skal sjekkast når Atle tar runden med å klippe klauvene på sauene.


Sauene til Tonje og Atle Kloster er klipte og lyste. No står klauvene for tur. Det er Atle sitt ansvar. – Det går greitt når eg først er i gang, seier han.


Liv Kristin Sola


Det er den veka i året. Atle Kloster har sett av fem dagar til å klyppe klauvene på saueflokken. 171 dyr skal sjekkast og trimmast.


– Heilt greitt, seier han, og vipper ei av søyene over i nettingramma.


– I teorien skal dei ligge i ro. Som ei flue i eit edderkoppnett, seier bonden.

Systematisk sjekk av alle dyr

Men det er ikkje alle som ligg like djupt i nettet. Lamma kan vere ei utfordring, men Atle er svært nøgd med hjelpemiddelet sitt. Det gjer det mogleg å gjere jobben åleine. Berre bonden, saueflokken og musikken. Det trivst Atle godt med.


– Eg hugsar det som meir strevsamt i fjor. Då stressa eg nok meir for å bli ferdig. I år har eg akseptert at det tek den tida det gjer. Då er det greitt, seier han.


Alle dyra skal sjekkast. For det er ikkje lett å sjå korleis tilstanden på klauvene er utan å sjå dei under føtene. Systematisk jobbar Atle frå binge til binge og merkar dei dyra som er klipte.


– Tilstanden på klauvene varierer. Alt frå skikkelege heksenegler til dei som ikkje treng å trimmast i det heile, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,