Fjell på Jæren: Atle Tjåland saman med hunden sin, Fjell.

Får betre gjødselkonsistens med bakteriar

5. oktober 2020

Tjukk skorpe og høgt tørrstoffinnhald i husdyrgjødsla har ført til at Atle Tjåland ein gong i månaden året rundt heller ein gitt mengde bakteriekultur ned i gjødsellageret.

Sjur Håland

Bakteriane trivst og formeirer seg i det lite tiltalande miljøet med til saman 1.000 kubikkmeter husdyrgjødsel. Atle meiner å sjå effekt av livet i gjødselkjellaren i form av tynnare, meir spreievenleg gjødsel og høgare nitrogeninnhald.

Anfield på Tjåland

Meir om husdyrgjødsel litt lenger ut i teksten. Først noko langt viktigare. Fotball. For fotball og fjøs er viktige delar av livet til bonden. Garden til Atle og Inger ligg i eit kupert landskap på Jæren sitt tak på Tjåland i Time. Ikkje så langt i frå staden der Arne Garborg sat og sette ord på vidsynet over Jæren. Bonden har vore i arbeid på heimegarden i 30 år. Han tok formelt over bruket frå foreldra i 1997. På føtene har han sko i same fargen som draktene til sine engelske fotballheltar. På den raude fôrgangen står det Anfield Barn med kvite bokstavar. På brystveggen på det to år gamle mjølkefjøset er logoen med fuglen til fotballklubben Liverpool støypt inn i murveggen.

– Det er ikkje alle som skjønar poenget med å ha ei høne på ein fjøsvegg der det er kyr inni, seier Atle, og ler.

Gardsfakta

Atle Tjåland driv med mjølk og sau på Tjåland i Time. Til garden høyrer eit areal på 1.800 dekar. Av dette er 550 dekar kulturbeite, medan 204 dekar er dyrka. Mjølkekvoten er 257.000 liter. Besetninga består av 30 mjølkekyr pluss påsett og 100 vinterfôra sauer.

Atle er gift med Inger Fjermestad. Dei har fire barn: Martine (19), Guro (17), Ingebjørg (15) og Svend (10).

Haustkalving

Fjøset er enkelt og luftig. Atle er nøgd med løysinga. Kalvane er i eit rom ved mjølkeroboten dei første fem dagane, før dei blir flytte over i eit eige kalvefjøs. Oksekalvane blir selde til liv. Kvigene går til eigen rekruttering. Han har 1,3 kalvingar per årsku og praktiserer konsentrert haustkalving. Kyrne mjølkar i ni månadar, og lever fritt i den store utmarka om sommaren.

– Praksisen gir friske muskuløse kyr med god helse og lite kalvingsvanskar. Men dei må ha kapslar i vomma og flugemiddel på ryggen, seier han.

Dei som kjenner bonden veit at latterkulene kjem tett. Men når det kjem til fotball, handlar det om alvor og ein dose psykologi i tillegg. Dei som har ærend hjå Atle, det vere seg entreprenørar eller seljarar, endar gjerne opp i ein heftig fotballprat før bisnissen blir gjennomført.

– Me kan vera rykande usamde om lag og fotballspelarar. Men ei felles interesse for fotball fører til tillit og respekt mellom folk. Tru det eller ikkje, men eg har signert gunstige kontraktar og gjort gode avtalar med forretningspartnarar i kjølvatnet av tøffe diskusjonar om fotball, seier Liverpool-supporteren.

1800 dekar

Garden er stor til å vera på Jæren. Arealet målar 1.800 dekar. Av dette er 550 dekar kulturbeite, medan 204 dekar er dyrka.

– Resten er ei utmark som inkluderer lyng og skog og hei, seier han.

Besetninga består av 30 mjølkekyr og 100 vinterfôra sauer. Mjølkekvoten er 257.000 liter. For Atle er det viktig å utnytte husdyrgjødsla på så store delar av arealet som råd – til rett tid. Under det nye fjøset har han omrøringskanalar og ei pumpe som fraktar gjødsla til hovudgjødsellageret er under det gamle fjøset, som blir brukt til ungdyr og kalvar.

– Gjødselmengda er avgrensa. Mange bønder på Jæren har flust med husdyrgjødsel. Slik er det ikkje hjå oss, seier han.

Det store kulturbeitet er godkjent som spreieareal. Over halvparten av gjødselmengda, kring 600 tonn, blir brukt på beita. Han leier ut spreieareal på noko av jorda, men det blir langt frå nok til å dekka gjødselbehovet.

– Eigentleg er det lite interessant å transportere svære mengder husdyrgjødsel over store avstandar. Då er det langt betre å heller bruke litt mineralgjødsel i tillegg. Særleg om våren, då eg brukar Fullgjødsel 25-2-6 og dermed får tilført litt fosfor i tillegg.

Høne på ku-fjøset: – Det er ikkje alle som skjønar poenget med å ha ei høne på ein fjøsvegg der det er kyr inni, seier Atle, og ler.

Tilfører bakteriar

Roboten, i same fargen som fotballaget, leverer 250 liter i døgnet med vatn til gjødsellageret.

– Ein reduksjon på 500 liter i døgnet i høve til tidlegare modellar. Det fører til at husdyrgjødsla har ein tørrstoffprosent på sju. Med andre ord er gjødsla svært tjuktflytande, seier Atle.

Difor har han valt å tilsetja ein flytande bakteriekultur i husdyrgjødsla gjennom vinteren.

– Den har løyst eit stort problem for meg når det gjeld å handtera og spreia den tjukke husdyrgjødsla. Atle seier at middelet er dyrt.

– Det kostar skjorta og litt til. Men eg reknar at om eg kan spara 20.000 kroner i kunstgjødsel og 15.000 i spart og lettare arbeid, byrjar det heile å gå i null. Han måtte mobilisera det han hadde av tru før han trassa skepsisen og gjekk til innkjøp av middelet, som heiter Bioflyt.

– I utgangspunktet var trua på at dette skulle verka, svak. Men det skjedde noko. Lukta i fjøset vart merkbart redusert. Flugene forsvann og bakteriekulturen sytte for ei kompostering i gjødsla som gjekk stilt og roleg føre seg utan skumdanning.

Fjøs og silo: Det to år gamle mjølkefjøset. Dei to plansiloane ligg under tak i den grøne bygningen.

Rørt opp lageret

Bakteriepreparata ser i nokre tilfelle ut til å gi nettopp dei føremonane som Atle fortel om, meiner pensjonert rådgjevar i NLR-Rogaland, Ragnvald Gramstad. Ragnvald har ikkje lagt faginteressa på hylla, og er med Bondevennen på besøk til Tjåland for å snakka om husdyrgjødsel.

– Når du får brote den faste overflata i gjødsellageret blir flugeplaga redusert. I tillegg er det eit stort pluss at ugrasfrø får problem med å klara seg i den tyntflytande gjødselmassen, seier han.

Atle bruker ein hydraulisk driven gjødselmiksar. Sauene går på rister. Her blir gjødsla rørt opp og pumpa over i gjødselkjellaren under det gamle fjøset, kor han også rører.

– I løpet av 40 år vart ikkje gjødsellageret skikkeleg rørt opp. Nå har eg etter kvart fått rørt opp absolutt heile den gamle skorpa. Det er ei god kjensle, seier Atle.

Konsistensen på gjødsla er nå som majones. Han opplever ikkje lenger at klumpar med gjødsel tettar pumpa i vogna. Ein annan positiv effekt av homogeniseringa er at gjødselprøvane synar høgare innhald av ammoniumnitrogen.

– Totalinnhaldet av nitrogen var likt, men eg fekk eitt kilo meir ammoniumnitrogen per tonn, seier han.

Sport og silo: Fotball-fôrbrett i nyfjøset på Tjåland.

Nitrogen-effekt

Effekten av meir plantetilgjengeleg nitrogen var merkbar.

– Verknaden var synleg på beita. Eg trong ikkje supplera med nitrogengjødsel der eg hadde spreidd husdyrgjødsel om våren, sjølv med ei avgrensa spreiing med berre to til tre tonn per dekar. Husdyrgjødsla spreier han i det store og heile tidleg på våren, gjerne siste del av mars, før lemminga. Han brukar ei gjødselvogn med kanon.

Garden ligg i eit populært turområde. Komposteringa fører til redusert danning av hydrogensulfid, som normalt gir den strame, umiskjennelege lukta av husdyrgjødsel.

– Eg oppdaga at turgåarar, i motsetnad til før, ikkje kunne merka at me hadde spreidd husdyrgjødsla.

Ragnvald peikar på at gardsbruka er ulike og at den enkelte må gjera vurderingar ut frå situasjonen på eige bruk. Han manar også til å utvisa sunn skepsis mot mangfaldet av tilsetjingsstoff til husdyrgjødsel som er i marknaden.

– Du må sjå på verkemåte og pris. Mi erfaring er at ingen middel er revolusjonerande, men at dei fleste har ein viss effekt.

Medan andre har god plass til å praktisera vassblanding av gjødsla og bruka stripespreiingsutstyr, har Atle avgrensa lagerkapasitet.

– Difor brukar han gjødselvogn og vil minimalisere køyringa. Når han så med eit bakteriepreparat kan få ei meir tynnflytande gjødsel, er det vinn vinn for miljøet og for næringstilgangen for plantene, seier Ragnvald.

Prioriterer ikkje kum

Atle vel å spara investering i gjødselkum. Han vil heller prioritera å betala ned på gjelda. Gjødselvogna må han uansett ha, for å nå ut til alle beiteområda.

– Men seinare kan både gjødselkum og slangespreiarutstyr bli eit alternativ i tillegg, seier han.

Pressafta frå dei to innandørs plansiloane blir lagra i ein eigen kum. Denne blir blanda med husdyrgjødsla. Atle seier at bakteriekulturen ikkje tåler alt for mykje pressaft, og at han må vera nøye på å ikkje blanda i for mykje.

Snittar graset

Mjølkesnittet plar ligga på 40-43 kilo per dyr og dag gjennom store delar av laktasjonen. Grashaustinga skjer med finsnittarutstyr. Frå plansiloane tek han fôret ut med lasteapparat og legg i ei TKS-fôrvogn.

– Dermed har eg fått ei enkel grovfôrlinje. For å supplera med turvande kraftfôr, kan eg velja mellom tre ulike kraftfôrslag i kraftfôrautomatar og mjølkeroboten. Med denne løysinga meiner eg å kunna styra fôringa med stabil vom og jamn produksjon med mindre tid og minst like godt som dei som brukar fullfôr, seier han.

Biokalk alternativ

Ragnvald Gramstad meiner hausten er ei god årstid for å tenkje gjennom eigen praksis kring husdyrgjødselhandtering.

– For å eventuelt planleggja for å gjera ting annleis og betre til neste år. Set deg ned med rettleiarapparatet og diskuter deg fram til dei beste og mest økonomiske tiltaka på ditt bruk, seier han.

NLR-veteranen peikar også på moglegheita med å røra inn 40-60 kilo biokalk per tonn husdyrgjødsel.

– Får biokalken jobba i lag med gjødsla gjennom vinteren får du litt tynnare gjødsel saman med dekking av behovet for vedlikehaldskalking, seier han.

Fag: Ragnvald Gramstad og Atle Tjåland blir aldri leie av å diskutera grasdyrking og gjødsling.

Stikkord denne saka: