BN+

Pikene: Siri Rasmussen Lea (til venstre), Gøril Ævestad, Ingfrid Viland og Siv Varhaug er hovudpersonane i «Ystepikene». Dei yster ostane dei sjølve saknar i butikkhyllene.

Frå tilfeldig smaksprøve til eige ysteri på eit år



På flate Jæren løfter fire driftige damer og ein mjølkemann blikket. I nytt gardsysteri skal dei laga ostane som folk enno ikkje veit at dei saknar. Målet er meir verdiskaping på garden og å bidra til breidde i marknaden.


Jane Brit Sande


Etter eit intenst år, er «Ystepikene – det opne ysteriet» endeleg realitet. Det heile starta med eit besøk i Julebyen i Egersund i 2018. Der fekk jærbonde Siri Rasmussen Lea smaka på ein lokalprodusert, feta-liknande ost.


– Dette var ost eg sakna i butikken. Eg vart forviten. Var den produsert av kumjølk? Heime på garden? Korleis var det mogleg? Eg hadde aldri tenkt tanken om å starta med ysting, men no var det noko som freista, fortel Siri.


Ei ystar-spire og ein idé vart vekt til liv. Råvare hadde Siri heime på garden. Saman med mannen, Jon Lea, driv ho gard på Skrettingland på Jæren, med produksjon av mjølk, kjøt og rugeegg. Turen gjekk til Austlandet og kurs i heimeysting på Lizas Småbruk på Jevnaker, som blir drive av Liza Franke og Lennert Hug. Døtrene Ingfrid Viland og Gøril Ævestad var også med på kurset. Feta- og kremost var på timeplanen. Tanken var å ysta i eit gammalt mjølkerom og å etablera eit lite utsal nede på jordet.


– Kurset gav meirsmak, seier Siri, som også nytta sjansen til å hoppa på endå eit kurs, i kvitmuggost og gouda, veka etter.


Tilbakemeldingane på kurset var gode. «Dette får du til, Siri», sa kurshaldaren. Slikt gir blod på tann for ein driftig bonde frå Jæren. Og det skortar ikkje på handlekraft, heller. Mindre enn eitt år etter smaksprøven i Egersund, er produksjonen på Skrettingland i gang. Ikkje i det gamle mjølkerommet, men i eit nybygd ysteri på garden. «Ystepikene» er Siri og døtrene. Venninna Siv Varhaug er tilsett som ystesjef. Ektemannen Jon er råvareleverandør, eller mjølkemannen, som dei kallar han i ysteriet. Sønene Jonas Lea og Trym Lyng Lea er også med.

Nyttig førehandsarbeid

Siri har fått god hjelp til utviklinga av ideane sine.


– Då eg tok kontakt med Innovasjon Norge, råda dei meg til eit forprosjekt med idéavklaring. Sjølv er eg ikkje av den tolmodige sorten, men eg lét meg overtala. Det er eg glad for i dag. Det var nyttig arbeid, og førte til konklusjonen om å satsa større enn me først hadde tenkt, seier Siri.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: