BN+

Kyr med særpreg: Kua Siri passar godt på den 14 dagar gamle kalven sin, Sigrid. Begge er reinrasa Sidet trønderfe og nordlandsfe.

Gamle rasar i moderne fjøs



For tre år sidan var det ein draum. No har Tone Sæstad og Magne Kyllingstad Sæstad vist at det går an å bygge moderne fjøs til ein marginal produksjon.


Liv Kristin Sola


Tone, Magne og sonen Julian, har satsa på dei gamle norske kurasane Vestlandsk raudkolle og Sidet trønderfe og nordlandsfe. Rett og slett fordi dei fungerer best i det beitelandskapet bøndene har tilgjengeleg; 6000 dekar med utmark og kystlynghei som er i ferd med å gro att. Sommaren 2018 kunne du lese i Bondevennen om Tone, Magne og Julian, om buskapen deira og om planane om å bygge nytt fjøs. Den gong såg det ut til at det kunne bli med draumen.


– Det lågaste prisoverslaget me fekk var over fire millionar. Det var ikkje aktuelt, seier Tone.


Les også: Samarbeider om Rygekongens Gardsmat

Det går faktisk an

Litt tilfeldig kom dei i kontakt med Nesvik Landbruksbygg.


– Det redda prosjektet, seier Tone. Dei fann ei litt enklare planløysing, la om frå gjødselkanalar til full gjødselkjellar, og la inn mykje eigeninnsats.


– Me fekk trekke av time for time på eigeninnsatsen og hadde med oss to mann fra Nesvik for å montere innreiinga frå Orla Hansen, seier Magne. Sluttrekninga vart tre millionar kroner pluss moms. Innovasjon Norge løyva 350.000. I mars i fjor flytte buskapen på kring 50 storfe inn. No er kalvinga godt i gang. Tone og Magne kallar det eit nøkternt fjøs med lite automatikk. Kontoret er lite, fôringslinja er enkel, og fôrsentralen er heilt minimal.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,