BN+

God appetitt: Godt grovfôr er alfa og omega i gardsdrifta hjå Leif Arne Lirhus på Nedre Vetla Hyrt. Fôrkvaliteten påverkar dyrehelse, fruktbarheit, mjølkekvalitet og klima. At maten smakar, kan ein sjå på denne rekka med staselege kyr.

Har du ein plan, veit du kor du skal



Gardsdrifta blir meir interessant og lønsam når ein har ein plan, meiner Leif Arne Lirhus i Myrkdalen.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Eg må ha sparringspartnarar for å lukkast som bonde, seier Leif Arne Lirhus.


Kvart år lagar han dyrkingsplan, fôringsplan og avlsplan for drifta på Nedre Vetla Hyrt. I ei fjellbygd har ein kort tid på seg, og ting skjer fort. I år kom varmen brått, graset skaut og slåtten var i gang rekordtidleg.


– Me bur trass alt på Vestlandet, så grovfôrkvaliteten kan variere veldig. Populært sagt, så har me berre to årstider i Myrkdalen. Vinter og sommar, seier Leif Arne og ler.


Difor er han oftast litt stressa sommarstid, for då skal alt skje, det som legg grunnlaget for heile det neste året i fjøset.

Bra for økonomi og miljø

– Eg måtte ha ulik strategi kvart av dei tre siste åra fordi utgangspunktet og ressursane var ulike. Ein må ta fôrprøvar, for å vita kva ein har. Målet er å produsere så godt grovfôr som mogeleg, og deretter velje rett type kraftfôr.


– Kva oppnår du med nøye planlegging?


– Eg oppnår rett fôring av dyra, får levert den mjølka eg skal, får kalv i kyrne mine og friske dyr. Når ein har godt grovfôr, kan ein redusera kraftfôrbruken. Det er bra for økonomien og miljøet. Godt grovfôr gjev mindre metanutslepp enn dårleg fôr, seier Leif Arne.

Yt etter evne, få etter behov

Bonden har eit medvite forhold til kraftfôrbruken.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , , ,