BN+

Varmt og mjukt: Henrik (7,5), Johan (3,5) og Mathilde (9,5) får boltre seg i nyklipt ull. No gler dei seg til lamminga. Men eigentleg likar Johan best grisungane på garden. For Henrik er hunden Scotty kjekkast, medan Mathilde trivst best med lamma.


Sist veke vart sauene lyst. I dag skal ullfellen av. 167 søyer og lam og fire vêrar skal klippast. Tonje og Atle Kloster har fått profesjonell hjelp frå Kjetil Torland, som har klipt sauer i 25 år.  


Liv Kristin Sola


Det durar frå klyppemaskinen hjå Tonje Nærland Kloster og Atle Kloster på Torland på Jæren. Saueklippar Kjetil Torland beveger søya med fast grep medan han dreg klyppemaskinen rutinert langs kroppen.


– Ja, her er festen godt i gang og det meldes om god stemning, seier Tonje litt sarkastisk.


Dei har halde på sidan klokka sju. Dette er ikkje det kjekkaste Tonje veit.


– Det er litt keisamt – og kaldt. Det plar vere godt når det er gjort, men i år var det faktisk litt kjekt, seier ho.


I løpet av dagen var det mange som stakk innom, både for å heie, dele erfaringar og heimebakst. Dei fekk skryt av lamma og sauene. Sjølv skryt ho av Kjetil klyppar og musikken han hadde på spelelista si. Alt samarbeid gjekk strålande heile dagen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,