BN+

Byggesjau: Fjøset på 55,5 X 14 meter under bygging. Stein Gunnar har hatt gode hjelparar med på laget under heile byggeprosessen. Eigeninnsatsen til fjøset er rekna til 700.000 kroner. Foto: Stein Gunnar Nordeide.

Holmestrand-drivhus vart fjøs i Nedstrand

Nedstrand-bonden, Stein Gunnar Nordeide, fekk med seg kompisgjengen til Holmestrand for å demontera eit eldre drivhus. Huset vart ramen i det nye mjølkefjøset som vart teke i bruk i november i fjor.


Sjur Håland


Stein Gunnar er utdanna tømrar, og ikkje redd for utfordringar. Han såg potensial i veksthuset og slo til. Drivhustomta skulle bli åstad for byggefelt. Alt måtte vekk. Stein Gunnar hyrte inn ein lastebil og fekk frakta stålsperr, vegger, åsar og alt som kunne nyttast heim til Nedstrand.

På strak arm

Tine sin bygningsplanleggar, Svein-Åge Vangdal, tok utfordringa med å planleggja fjøset med drivhusramen på strak arm. Det same gjorde Felleskjøpet sine folk. Byggteknisk var det ikkje noko i vegen for å bruka rameverket frå drivhuset. Heller ikkje Innovasjon Norge hadde innseiingar. I januar 2020 byrja så byggearbeidet på ei utsprengd fjelltomt i tunet. Han slapp å bruka dyrka jord til fjøstomta.


– Me har eigentleg ikkje ein einaste kvadratmeter jord å unnvera her på garden, seier bonden.

Trong meir jord

Nok jord var ein av føresetnadane som måtte inn i ein driftsplan som både Innovasjon Norge og banken kunne støtta. Til garden høyrer 72 mål med dyrka og 55 mål med beite. Det vart for lite for å få reknestykket til å gå opp. Undervegs i prosessen falt brikkene godt på plass. Også når det galdt arealet. Bonden har fått kontrakt på leige av jord hjå tre naboar.


– Felles for dei er at dei er langt meir opptekne av at jorda skal bli driven enn av leigeinntekter. Det passer glimrande for meg.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: