BN+

Kombinasjon: Når du eig både sau og skog, er vegen kort frå fjøsstell til tømmerhogst.


– At folk i nærområdet tykkjer det eg driv med er viktig, var det kjekkaste med å bli røysta fram som Årets Unge Bonde, seier Olav Høyheim Einan. Hafslo-bonden byggjer opp arbeidsplassen ut frå garden sine naturlege forutsetningar. Sau, jordbær og skogsarbeid gjer kvardagen variert.


Tekst og foto: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss


Av 311 nominerte, 15 semifinalistar og fem i finalen, var det 28 år gamle Olav Høyheim Einan, frå Luster i Sogn, som til slutt stakk av med prisen Årets Unge Bonde 2018. Dåverande landbruksminister Bård Hoksrud overrekte prisen, som set fokus på norsk matproduksjon og rekruttering til landbruket. Ministeren rosa sognebonden for å vera eit godt førebilete med sin arbeidsinnsats, kompetanse og bruk av lokale ressursar.


– For meg er det heilt naturleg når eg skal byggja noko, at eg reiser og skjer mitt eige material. Eg har ikkje tenkt berekraft, men kva som er mest praktisk og økonomisk. Ein naturleg konsekvens er at ein nyttar fordelane som finst lokalt, og at ein spelar på lag med naturen, seier Olav .


Han er stolt og audmjuk over utmerkinga, og aller mest glad for at folk frå nærområdet røysta han fram.

Brå omvelting til ny kvardag

Olav hadde alltid tenkt å bli bonde, og hadde teke utdanning innan agronomi og landbruksteknikk. Gardsovertakinga skjedde likevel raskare enn han hadde ynskt, då faren døydde brått våren 2013. Då laut Olav brette opp ermene og ta gardsstellet ved sida av lærarjobben han pendla til ved jordbruksskulen i Aurland.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: