BN+

Robotisering:Jørgen Egeland vart norgesmeister i maskinmjølking i 1987. Nå har robotteknologien teke over mjølkinga også i Jørgen sitt fjøs.

Nå mjølkar roboten kyrne til Jørgen



Om roboten har teke over mjølkejobben til den tidlegare norgesmeisteren i maskinmjølking, har bonden langt frå blitt arbeidsledig av den grunn. Ein vindpark i området opnar terrenget for auka beitebruk og nydyrking.


Sjur Håland
Det er nok ein fuktig vårdag. Regnet hamrar mot bakken, medan skyene mest ligg på nivå med bakken. Jørgen Egeland har tid til ein liten drøs midt på dagen. Kona, Signe, har reist på arbeid.


– Ho har gitt klar beskjed om å halda det varmt i stova til du skulle koma, smilar Jørgen, og legg ei tørr vedskie i omnen.

Godt naboskap

Garden deira ligg på Eikeland i Bjerkreim. Sju kilometer frå Bjerkreim-grenda og ti kilometer frå Vikeså. Langs vegen synast nye spor etter graving. Ein og annan stad ligg kveilar med tynne oransje røyr. Gardsbruka på Eikeland skal kopla seg til fibernettet. Tiltaket er eit synleg prov på godt naboskap og dugnad mellom grunneigarane i grenda, med fem aktive gardsbruk.


– Me bønder i området driv mykje med det same. Dermed blir me engasjert og inspirert av kvarandre. Gode naboar er utruleg viktig for trivselen, seier Jørgen, og fjernar dekkplasten frå porselensfatet med nysmurde lefser.

3.000 mål

Som resultat av tidlegare tiders oppdeling, er neppe arronderinga på garden ideell. Eigedommen til Signe og Jørgen på 3.000 mål er ganske smal, men heile åtte-ni kilometer lang, og grenser mot Hå kommune i vest. På garden driftar dei 250 dekar dyrka mark og like mykje gjødsla beite. I tillegg består garden av 300 dekar granskog, planta for 30 år sidan. Leigejord er ein del av kabalen for å halde 200 storfe, deriblant 40 mjølkekyr og åtte ammekyr, og 120 vinterfôra sauer med grovfôr. For tida leiger dei 110 dekar dyrka og 130 dekar beite.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: