Tidleg beiteslepp: Det er framleis dugg i graset denne føremiddagen tidleg i april. Vêrmeldingane lover akkurat bra nok temperatur til at Trond vil sleppe kyrne på beite. Avløysaren Trude er til god hjelp.

Sjølveigande og fri

– Skal du få økonomi i ein liten produksjon må du halde kostnadane nede, eige mest mogleg av ressursane sjølv og utnytte dyra, garden og arbeidskrafta di maksimalt, seier mjølkebonde Trond Einarson Schei.

Liv Kristin Sola

– Når graset er klart og yr.no lovar ti dagar i strekk med plussgrader, då løyser eg kyrne. Ventar eg for lenge veks beiten over og kvaliteten blir forringa. Det går ut over produksjonen, seier Trond.

Han er optimist og ser best framover. Målet var å sleppe kyrne i slutten av mars. Det gjekk ikkje – ikkje i år heller. Rekorden er 3. april. I år vart det fire dagar seinare.

 Store verdiar i beiting

Om lag tretti dekar dyrka jord er delt i fire skifte og nytta som beite for mjølkekyrne. Ein grusveg omkransar arealet og gjer det mogleg å gjødsle med kanon så snart det er lov om våren. Tidleg gjødsling med to tonn husdyrgjødsel er grunnlaget for ein lang og frodig beitesesong.

Den 2,5 kilometer lange vegen blir også brukt som turveg for bygdefolket. Det gir nokre kroner støtte til vedlikehald frå fylkesmannen sine SMIL-midlar.

– Dei første dagane er kyrne ute berre om dagen, men etter kvart er det beiting natt og dag. Med ein god start, blir mai ein super beitemånad, seier Trond.

Kyrne går to døgn på kvart skifte og bonden reduserer kraftfôrmengda. Då blir det produsert mykje «billig» mjølk på garden. Beitene er ikkje snudd på tjue år, men Trond sår i raigras når det trengst ei oppfrisking og beitepusser i slutten av juni. Han bruker ureatalet for å styre nitrogentilførsel gjennom beitesesongen.

– Urea skal ligge mellom 4 og 6. Når det går under 4,5 køyrer eg på ti kilo ammoniumnitrat (34 prosent N) per dekar. Det held kring ein månad, seier Trond.

Sparer kronestykker

Om beitene er viktige, er surfôret ikkje mindre viktig. Grasarealet er omtrent likt fordelt med raigras og timotei. Medan hestane får timotei, føretrekk kyrne raigras. Surfôret vert analysert og bonden nyttar Line Bergersen i Tine som fôringsrådgivar.

– Line har vore med å funne kronestykker i fjøset, konstaterer Trond.

For det er det det handlar om. Med ein liten produksjon må kvar krone snuast for å halde kostnadane nede.

– Du må vere kreativ og bli betre på det du held på med, eller du må bli større. Men ingen blir betre bønder av å bli større. Dei får berre mindre tid, seier Trond.

Han meiner han har eit stort forbetringspotensial, ikkje minst ved å utnytte at vekstsesongen har blitt lengre dei siste par tiåra. Ein månad minst, ifølgje bonden. No er planen å ta fire slåttar på raigraset, sjølv om det er ein kamp å få graset i hus.

Og grovfôrkvaliteten?

– Ja, så interessert skulle eg altså vore at eg kunne ramse opp det.

Trond flirer godt, men er ikkje spesielt uroa. Kvardagen er hektisk nok og han kan betale folk for slikt.

Elitemjølk i 25 år

Det er 25 år sidan Edit og Trond overtok garden. Like lenge har dei levert elitemjølk til Tine. I desse dagar skulle dei vore på Tine sitt årsmøte med bankett og høgtidelege overrekking av Mjølkespann i sølv, slik som då dei fekk Sølvtina for ti år sidan. Ei oppleving han unner alle mjølkebønder.

– Det er første gong eg har kjent meg skikkeleg verdsett som bonde, seier Trond.

Han meiner planlegging, oversikt og litt flaks, må til for å oppnå gode resultat. Utfordringar må løysast før dei vert eit problem.

– Då treng eg hjelp av gode folk som gir klare tilbakemeldingar og bidrar til at eg når måla mine, seier bonden.

Han trekker fram dyrlegen, rådgivarar, servicefolk, maskinentreprenøren, andre bønder og ikkje minst avløysaren Trude.

– Eg blir ikkje betre enn laget eg bygger rundt meg.

På avdråttstoppen

Når 2019 skulle summerast viste tala ei yting på 10.951 kilo EKM per årsku, Ei auke på 1000 kg samanlikna med året før, og ein plass på lista over høgstytande besetningar.

– At mine 20 årskyr på bås kom på den lista er faktisk ein større prestasjon enn 25 år med elitemjølk, meiner Trond.

Kraftfôrbruket var på 28 kilo per 100 kilo EKM, feittprosent på 4,52, proteinprosent på 3,62 og mjølkepris på 5,82. Trond har 1,4 kalvingar per årsku, og overskot av kviger som han kan selje til liv. Innkalvingsalderen har han seinka frå 25 til 22 månadar.

– Så lenge kvigene er store nok ved kalving produserer dei verken meir eller mindre enn før, men eg sparer tre månadar med grovfôr, seier Trond.

Dagsyting i besetningen er i snitt rundt 35 liter. Grunnlaget er rikeleg med grovfôr, ein lang beitesesong og berre eitt kraftfôrslag. Kyr, kalvar, kviger og oksar får alle Elite 80 Nøytral. Tala på mjølkelappen – og i rekneskapet, viser at det fungerer, at stabilitet kan gi like god tilvekst, høg avdrått og eit solid dekningsbidrag, som ein komplisert fôrplan.

– Ting må vere kontrollert, men ikkje komplisert. Mykje kan gjerast enkelt utan at det går på slump, seier Trond.

Hesten er viktig for drifta

Førsteslåtten av timotei vert nytta til hestane, 400 rundballar kvart år. Høyet vert slått tidlegast sankthans.

– Godt høy slår du når ein god bonde skjemmest av enga. Det sa alltid Gramstad, minnast Trond, og refererer til den no pensjonerte NLR-rådgivaren på Særheim, Ragnvald Gramstad.

Men når graset skyt for fullt, er det krevjande å skjemmast lenge nok, innrømmer bonden. Kampen for å berge tørt høy blir ikkje lettare med åra. Og når graset er lagt ned finst det ingen angrefrist. Bonden går inn i høybobla.

– Alt handlar om meg, om høyet, og om yr.no, seier Trond.

For han og Edit er hestane ei viktig inntektskjelde og avgjerande for at dei begge har arbeid på garden. Edit har ansvar for fire fôringar per dag og inn- og utslepp av dei 27 hestane som står i fullpensjon.

Meir norsk mat?

På grunn av koronakrisa og ei svak krone fryktar Trond at også landbruket vil oppleve ei kraftig kostnadsauke. Samstundes har han registrert at nordmenn er heime og ét «sjeva» med Bremykt og Norvegia. Og bøndene får produsere meir mjølk, i alle fall i år.
Trond håper, men trur innerst inne ikkje på varige endringar i nordmenns forbruksvanar eller livsstil. Han meiner samfunnet tar bønder og maten for gitt, men at denne krisa bør minne oss om at me må satse sterkare på nasjonal matproduksjon og auka sjølvforsyning, av fleire årsaker.

– Det er ikkje sikker me kan kjøpe alt for pengar i framtida, og det er heller ingen moral i å kjøpe maten ut or munnen på folk som svelt, seier Trond.

Han meiner me må bygge matlager for å sikre mat til eigen befolkning – og ta betre vare på matjorda.

Lærer av kriser

Trond minnast tørkesommaren 2018. Fôrmangel gjorde at han valde å redusere buskapen så lang han meinte det var forsvarleg. Det merkast framleis i fjøset. Tørken vart ei alvorleg påminning om kor viktig det er å ha ein buffer og ikkje ta for gitt at det er fôr å få tak i.

– Eg lærte mykje av 2018. Pengar på bok er kjekt, men det er kjekkare å ha fôr på lager. Me må tenke langsiktig prøve ei slags kalkulert gjetting, og av og til blir det stong inn, seier Trond.

På låven ligg fôr av ulike slåttar og kvalitet fordelt mellom dei tre fôrlukene. Ei til oksar, ei til kviger og ei til mjølkekyr. Fôringa har blitt meir fleksibel etter at tårnsiloane vart kutta ut til fordel for rundballar i 2018.

– Ulempa med rundballar er høgare kostnad og mykje plastikk. Fordelen er mindre svinn, betre fortørking og auka fôropptak, seier Trond.

Ti ekstra år

For Trond og Edit var det ei gladmelding då laudriftskravet vart utsett.

– No får me ti år ekstra, seier Trond.

Dei skal drive så lenge dei kan, men skal ikkje bli større.

– Eg kunne nok klart hundre tonn meir i fjøset, men til kva pris, seier Trond.

Aller helst vil bonden eige både jord og kvote sjølv og er skeptisk til bruksutviklinga som har sett mange bønder i ein situasjon kor dei ikkje har kontroll over ressursane.

– Med jord i fleire kommunar og lange transportavstandar får me eit traktorlandbruk med høge kostnadar knytt til jordleige og transport. Kampen om jorda presser opp grovfôrkostnadane og bidrar til at kraftfôret blir eit rimelegare alternativ enn grovfôr. Då er me på feil veg, seier Trond.

Han forstår likevel godt dei som ønsker å bygge seg opp i robotfjøs. Truleg hadde han gjort det sjølv, om han visste at neste generasjon ville mjølke.

– Men ikkje for min eigen del. Økonomien går ikkje i hop. No er eg fri. Det er eg som bestemmer om eg vil halde fram eller slutte, ikkje banken, seier Trond.

Kostbart traktorlandbruk

Høygaflar, hjulbåre, ståltråd og strips er framleis nyttig i kvardagen hjå Edit og Trond. Dei fleste bygningar og maskinar er gjenbruk og velbrukt. Trond eig fem traktorar, kvar til sitt bruk. I sum ei investering 250.000 på 25 år. Han eig utstyr til gjødsel og grashandtering. Utover det har han avtale med ein maskinentreprenør, inkludert rundballer.

– Eg har for liten produksjon til å koste på meg dyre maskinar – og eg har anna å gjere enn å sitte på traktoren heile sommaren. Det overlèt eg til profesjonelle, seier Trond.

Han høyrer politikarane heie fram små bruk, men meiner landbruket har stø kurs i motsett retning. Og litt av ansvaret må bøndene ta sjølve.

– Me er sjølvstendig næringsdrivande og ansvarlege for eigne val, også det å sette seg i djup gjeld. Me investere med ein horisont på 20-30 år, men det er ingen som gir oss denne tidshorisonten, seier Trond.

Bonden undrar seg over at enkelte tør å satse millionar av kroner i fjøs, kvote, jord og maskinpark, men tenker kortsiktig om mjølkeprisen.

– Tine får tøff konkurranse og tapar marknadsmakt. Eit svekka samvirke vil gi lågare mjølkepris for alle mjølkebønder, også dei private. Det gir uro for framtida, seier Trond.

Gardsfakta

I 25 år har Edit og Trond Schei produsert mjølk og storfekjøt på Tjøtta i Klepp kommune på Jæren. Dei overtok etter Trond sine foreldre, Inger og Magnus Schei. Paret eig 215 dekar og leiger 100 dekar dyrka jord. Dei har båsfjøs med 20 årskyr av NRF og eig ein kvote på 170 tonn. Årleg slaktar dei rundt 15 oksar og sel 5-10 kviger til liv. 30 dekar dyrka jord vert nytta som beite til mjølkekyrne og 30 dekar er grusa opp delt inn i luftegardar til hest. I dag har dei 27 utleigeboksar med fullpensjon, ridehall, ridebane, luftegardar og alle fasilitetar som krevst av eit hestesenter. Edit og Trond skaffar fôr og har ansvar for fôring og ut- og innslepp. Paret har tre vaksne barn, Erling, Siril og Sverre.

God hjelp: Ein erfaren bonde veit å sikre nok mannskap når 20 våryre kyr skal løysast. Frå venstre: Heidi, Regine og faren Ronny, som er tidlegare avløysar på garden, Siril, Edit og Trond, Inger og Magnus, Trond sine foreldre, og Trude som er avløysar. 

Målretta drift: I 25 år på rad har Trond Einarson Schei levert elitemjølk. Men for den erfarne bonden heng det endå høgare at han med sine 20 årskyr, båsfjøs  og lange beitesesong er inne på lista over høgtytande besetningar.

Ein viktig ressurs: Ein lang og god beitesesong handlar om å kome tidleg i gang. Husdyrgjødsla må på i februar og kyrne må ut så snart graset vert ein  ankellengd høgt. 

Enkele mål: – Beitegraset skal alltid vere mellom her og her, seirer Trond, og viser på ankelen. 

Friske fråspark: Ein vinter på bås blir avløyst av eit halvår på gras. Kyrne veit å takke bonden, ikkje minst med høg yting til ein låg kostnad.

God arbeidshjelp: Trude er fast helgeavløysar på garden, men trør til når det måtte vere Trond skulle trenge litt ekstra hjelp. Etter beiteslepp er det fjøsvask som står på programmet. 

Enkelt, men ikkje tilfeldig: På låven er det tre fôrluker, ein til oksar, ein til kviger og ein til mjølkekyr. Med rundballar og låven som fôrsentral er det enkelt å tilpasse fôring. 

Historiske tal: Gamle bøker og registreringar viser blant anna mjølkemengd, feittinnhald og avlsarbeid med oksebruk og kalvingar heilt attende til midten av 60-talet. 

Det gode liv: For kyrne er det ein sommar på beite. For Trond handlar det om å tilpasse seg slik at han har økonomi til å ta gode val og i tillegg kan finne ein balanse mellom jobb og fritid for å trivast i kvardagen.

Feil retning: Trond er skeptisk til utviklinga i landbruket der mange bønder betaler ein høg kostnad for retten til å produsere mat. – Eg kunne produsert hundre tonn meir i fjøset, men til kva pris, spør han retorisk.

Stikkord denne saka: , , ,