Driv kvarandre: Årne og Ann-Helen overtek eit bruk som er utvikla og modernisert jamt og trutt. Ikkje minst fordi Årne tidleg ga beskjed om at han ville overta, og kom heim for å vere med i arbeidet. Frå venstre: Jostein, Årne, Rasmus, Åge og Ann-Helen.

I 2006 sa Årne Salte opp jobben for å drive garden i lag med faren, Jostein Salte. Det var motivasjonen Jostein trengde for å investere og utvikle drifta for neste generasjon.

Liv Kristin Sola 

Orden og oversikt er inntrykket når du svingar inn på tunet til familien Salte på Høyland på Nærbø. Driftsbygningane ligg fint plassert og viser utviklinga på garden. Vegane rundt bygningane vert avgrensa av gras som framleis er grønt. 

Steg for steg

Då Jostein overtok var det sau, gris og oksar på garden. Men bonden ville mjølke. I 1984, same året som Årne vart fødd, fekk Jostein 84 tonn i kvote frå staten.

– Kvotestørrelsen var tilpassa jordgrunnlaget, og med 160 dekar jord, inkludert beite, vart kvoten oppjustert til 101 tonn, seier Jostein.

I 1990 bygde han grisehus. Fem år seinare vart det kjøle for å lagre gulrot. I 2005 kjøpte han nabogarden som tilleggsjord. Då Årne begynte for fullt på garden var det gulrot, smågrisproduksjon, sau og 17 mjølkekyr på bås. Men med sonen med på laget, fekk Jostein motivasjonen til å satse vidare. Planen var å bygge eit moderne grisehus, men tre år seinare vart det kylling i staden. 

– Det var nok heilt rett. Interessa for gris var ikkje stor nok, seier Jostein. 

Kyllinghuset var Årne si investering. Samstundes bygde han opp maskinparken og starta sin eigen maskinstasjon.

Frå eventyr til realisme

Kyllinghuset stod klart i mai 2007. I 2010 fekk Årne ein gullkanta avtale med Prima Jæren.

– Det første halvåret var heilt eventyrleg. Så vart det bråstopp, seier Årne, og smiler godt.

Eventyret var over på eit halvår. Sidan har det gått opp og ned for kyllingen. Men erfaringa er at innafor rammene, er det bonden sjølv som i stor grad kan påverke resultatet.

– Reinhald, god hygiene og god nok tid til vask og tørking mellom innsetta er viktig for å lukkast med kylling, seier Jostein. 

Årne er samd. Dei to vekene frå slakt til innsett betyr mykje for kor godt innsettet blir. Han innrømmer gjerne at han likar å ha det reint og ryddig rundt seg. Bonden har alltid reine klede i kyllinghuset og er nøye med oppfølging og daglege rutinar. 

Uredd utforskar: Rasmus (2) er svært interessert og aktiv i fjøset, og fryktar lite i møte med dyra. 

På ønskelista: Det kjekkaste Åge veit er å fôre med silograbben. Då eter dyra rett frå grabben. No ønsker han seg ein silograbb til jul.

Høyland gard: Til venstre er verkstad og kjølelager til gulrot. På flaten er kyllinghuset og storfefjøset. Det eldste fjøset er til sau og lager. Maskinhuset er bygd på andre sida av vegen og vises ikkje på bildet. Rundt dei nye bygningane har dei køyrt på masse og hevja terrenget med inntil tre meter. Og neste byggeprosjekt er å støype plansiloar. Foto: Espen Eikaas Syljuåsen (Norwegian agro machinery)

Gardsfakta

Jostein Salte og sonen Årne Salte har drive Høyland gard i lag sidan 2007. Dei eig 320 tonn kvote og leiger 200 tonn. I robotfjøset har dei godt 60 holsteinkyr og framfôring av eigne og nokre innkjøpte oksekalvar. Totalt tel buskapen rundt 250 storfe og årleg slaktar dei om lag 100 storfe.

Dei disponerer 700 dekar dyrka jord og 50 dekar beite. Årne har full konsesjon på kylling, 18 vinterfôra sau og driv maskinstasjon. Jostein dyrkar gulrot for lagring og sal til Coop.

Jostein overtok heimegarden i 1980. Frå nyttår overtek Årne og sambuar Ann-Helen Håland Ueland, og sønene Åge (4) og Rasmus (2). Årne er tredje eldst av seks søsken. Han har fagbrev som landbruksmekanikar. Ann-Helen er utdanna helsefagarbeidar og har jobba på sjukehuset.

Redd for nyinvesteringar

Etter korona har det blitt eit sug i marknaden etter meir kylling. Ikkje minst på grunn av stopp i grensehandelen. Årne er skeptisk til at det no vert planlagd fleire nye kyllinghus.

– Når dette er over trur eg svenskhandelen tek seg opp att. Då blir det overkapasitet på kylling og prisane vil stupe. Det er det berre grossistane som tener på, seier han.

Det ryktast om ti nye hus, alle med full  konsesjon på 280.000 kylling. Kyllingane veg i snitt 1550 gram når dei vert slakta etter 35 dagar. Med sju innsett i året blir det 430 tonn kyllingkjøt frå kvart nytt hus. 

Kva som er alternativet er vanskeleg å seie. Det er ein liten reservekapasitet i eksisterande hus. Dei kan ikkje gå på kompromiss med tida det tar å vaske og tørke huset mellom innsetta. 

– Kan hende hadde det vore mogleg å auke litt. For å investere seg opp til overproduksjon er ei dårleg løysing for alle partar. Det er alltid produsentane som ber kostnadane med overproduksjon, seier Årne.

Kyllinghuset vart utvida i 2017.

Gode hjelparar: Vasslangen ligg klar. Åge (t.v.) og Rasmus hjelper meir enn gjerne når kalvane skal ha reint vatn, kraftfôr og grovfôr kvar dag – og kalvedekken. .

Tørt og reint: Kalvane har tjukt med flis i hyttene.  I front av hyttene er det spalteplank, og rundt heile området heng det netting for å redusere antall småfugl som går i fôret.

Tre generasjonar: Etter nyttår blir det Årne og Ann Helen som tek over hovudansvaret for garden. Men arbeidsfordelinga blir truleg ikkje så annleis med det første.

Lik, men annleis: Brown swiss-kua, den smartaste av dei alle, skal me tru Årne og Josten. Ikkje minst er ho forveten og skal ha med seg alt som skjer. 

Frå bås til robot

I 2014 bygde dei nytt robotfjøs med plass til 250 storfe. Fjøset har velferdsavdeling, to kraftfôrstasjonar, og plass til framfôring både av oksar og kviger. Veggane er opne med
vindduk og klimastyrt ventilasjon i taket. Tre kraftfôrsiloar gjer det mogleg med eige kraftfôr, Formel Biff kompakt, til ungdyra, og to slag, Formel Elite og Optima, til mjølkekyrne.

Stort sett er dei svært nøgde med fjøset, men stolpane som held bingeskilja på plass er for svake og rustar i golvfestet. Dei er rett dimensjonert etter teikningane, men skulle vore tjukkare. No må dei bytast med plastikkstolpar. Jostein reagerer på at dei allereie etter fem år må stø opp bingeskiljene for å unngå at dei kollapsar. 

– Har du først investert, er du i lomma på seljarane. Dei trekk på skuldrane og viser til leverandørane, seier Årne. 

Jostein og Årne steller fjøset i lag morgon og kveld og avløyser kvarandre når det trengst. Med faste arbeidsoppgåver og rutinar treng dei knapt snakkast før dei samlast til frukost på kontoret klokka åtte kvar morgon. Då er fjøsøkta ferdig, og kamerat og samdriftspartnar Otto, kjem innom for å drikke kaffi i lag med dei. Otto driv også med kylling, og det er venskapleg konkurranse om dei beste resultata.

Bjarne, bror til Årne, jobber i nordsjøen og er til god hjelp i friperiodane, og Ann-Helen trør til i fjøset når det trengst.

Nøgd med holstein

Det er snart tjue år sidan Jostein la om til holstein. Godt lynne og høgreiste dyr med fint jur var avgjerande. Kyrne mjølker rundt 10.000 i snitt og om prognosa held skal dei klare disponibel kvote på 540 tonn med 1000 liters margin.

– Målet er ikkje å auke ytinga, heller auke tørrstoffinnhaldet, seier Årne.

Eit areal på femti dekar med «sump» blir slått to gonger, pressa i rundballar og nytta til sinkyr. Etter at dei tok i bruk sinkubolus er mjølkefeber mest blitt historie. Lynne og eksteriør er framleis prioritert i avlsplanen som dei får hjå rådgivar Tore Joa. No nyttar dei kjønnsseparert holstein på dei beste kyrne og charolais på dei svakaste.

– Med noko sterkare fôring og lengre tid, fekk me gode klassar også på holstein. Men med det nye klassifiseringssystemet tapar holstein terreng, seier Jostein.

Feil blir rett: Roboten er snudd feil veg i forhold til fôrbrettet, men retninga kjem til sin rett i beitesesongen når kyrne vert slusa rett ut på beite. Dei kjem inn att gjennom einvegsporten ved sida av utgangen. Jostein understrekar at dei har tilgang til vatn rett ved utgangen. – Aller helst skulle det vore spalt på utsida, for på våte dagar snur dei berre rundt og kjem inn att, seier han.

Privat eller samvirke

Då Q-meieriet bygde seg opp på starten av 2000-talet, vart det mykje uro på Jæren. Somme skifta meieri utan å blunke. For andre var det heilt utenkeleg å vende Tine ryggen. Naboar slutta å helse på kvarandre, born måtte finne nye leikekameratar og bønder som gjekk til fienden blei fryst ut frå pakkhus og sosiale møteplassar. 

For Jostein vart det for mykje då ein god kollega vart omtala som judas.

– Eg bytta meieri. Slik vart me i alle fall to judasar i bygda, seier han. 

Dei leverer framleis til Q, men er uroa for at Tine har blitt for sterkt svekka.

– Q-meieriene har blitt store nok. Me bønder er heilt avhengige av eit sterkt Tine, elles grev me vår eiga grav, seier Årne, og faren nikkar.

Fantastiske avlingar

Etter to krevjande og eit middels avlingsår for gras, har årets sesong vore heilt  fantastisk, både for gras og gulrot.

– For gulrot vart det 20 kassar på målet for lagringsgulrota Panter, mot 12-14 kassar i eit normalår, seier Jostein.

Mange produsentar brenn no inne med gulrot. Det vil seie, dei tek dei ikkje eingong opp av jorda for lagerkapasiteten er sprengt overalt. På gras er etterverknadane etter 2017 og 2018 framleis merkbare, sjølv for dei som normalt har romsleg med grovfôr.

– Innkjøp av halm og fiberkraftfôr auka fôrutgiftene med 400.000 kroner dei to åra, seier Årne.

Eg bytta meieri. Slik vart me i
alle fall to judasar i bygda.

Jostein Salte

Ein luring: Åge og mor Ann Helen har ein hemmelegheit – dei har kake på lur. 

Godt team: Farfar og Åge må av og til kviskre litt i lag, slik at mor og far ikkje høyrer kva dei pønsker på. 

Ein god start: Kalvane står ute i hytter dei første vekene og får mjølk frå mjølketaxi. Reint vatn, grovfôr og kraftfôr (mysli) er sjølvsagt. Det same er god omsorg frå dei minste hjelparane.

Uroa for mjølkeproduksjonen

Bøndene på Høyland har eit bevisst forhold til økonomi og investeringar.

– Det kan gå lang tid frå me bestemmer oss for å kjøpe ein traktor eller eit reiskap til den står i tunet, seier Årne.

Det stramar seg, spesielt i mjølkeproduksjonen, og Årne er uroa for bønder som no står framfor store investeringar. Han fryktar høge kvoteprisar vil gjere det umogleg for mange å investere.

– Samanlikna med dei fleste andre produksjonar, har mjølkeproduksjonen så mange kostbare innsatsfaktorar og mykje mindre kroner att per arbeidstime. Økonomien står  ikkje i stil med arbeidsinnsatsen og investeringsbehovet. Hadde eg kome heim i dag for å overta 17 kyr på bås, trur eg det hadde blitt utleige av kvote og arbeid utanfor bruket, seier Årne.

– Det må bli slutt på dei høge kvoteprisane. Det går rett og slett ikkje lenger, seier Jostein.

Dei er glad dei har avtalar både på jord og kvote til det dei kallar edruelege prisar.

Stikkord denne saka: , , ,