BN+

Stor interesse for lokalforedla mat: - Folk har blitt meir bevisste og skil mellom industri og handverk, mellom kvardag og fest. Lokalmat har blitt eit supplement til daglegvarehandelen, seier Tor Åge Hundseid.


Langtidsmodna spekeskinka frå Tor Åge Hundseid vart nyleg kåra til Årets kjøt foredla av Det Norske Måltid. Topp råvarer, eldgammal kunnskap og god tid er oppskrifta.


Liv Kristin Sola


«Vinnaren har ein nydeleg aroma av modna kjøt som smelter på tunga. Produktet er eit resultat av godt handverk og respekt for råvara. Dommarane gler seg over at vi har dedikerte fagfolk som tør satse – og ikkje minst gi kjøtet tid til å utvikle den unike smaken. Dette er verkeleg eit produkt å vere stolt av.»


Slik ordla juryen seg då dei for to veker sidan kåra skinka til Tor Åge Hundseid til årets beste foredla kjøtprodukt under finalen av Det Norske Måltid 2020. Skinka er einerrøkt og modna i 3,5 år.


– At juryen har forstått og klart å sette ord på det eg har jobba for i vel tjue år, det er fantastisk godt gjort, seier Tor Åge, som eig og driv Vikedal Gardsmat i Vindafjord.


Om mogleg er han meir stolt av grunngjevinga enn av sjølve prisen.


– Det er klart at prisen gjer skinka kjent og etterspurt, men juryen sine ord betyr mykje, seier Tor Åge.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,