Grisehandel: Einar Varhaug t.v. har levert eit lass med ungpurker til Tommy Hadland. Ingen ser ut til å vera misnøgde med handelen.

TN 70-ungpurkene leverer

Purkene til Tommy Hadland produserer 33.000 smågriser i året. Innsatsen er hardt og målretta arbeid som startar med gode ungpurker.

Sjur Håland

Han fôrar, inseminerer, måker møkk og vaskar bingar, i tillegg til å administrera ei drift med ei årleg omsetning som svingar mellom 14-20 millionar kroner. Høg omsetning betyr likevel ingenting om det ikkje ligg att kroner på botnlina, meiner bonden.

– Er du ikkje på plass sjølv hundre prosent, kan du berre gløyma å driva eit nav i ein purkering, seier Tommy.

Rekruttering: Spreke ungpurker på veg inn i grisehuset til Tommy Hadland.

Gardsfakta

Navet i Brekkå purkering er hjå Tommy Hadland på garden Brekkå på Varhaug i Hå.

Hadland leiger ut drektige purker til ti satellittbesetningar. Samla årleg produksjon er 33.000 smågriser. Rekrutteringa av 1000-1200 ungpurker gjennom året blir gjort i samarbeid med svineprodusentane Åse og Einar Varhaug. Dei nye TN 70-purkene gir høg fruktbarheit og gode resultat, sjølv om dei krev meir plass. Målet for 2019 er 28-29 avvendte grisungar per årspurke.

Flyttedag

Torsdag er flyttedag på garden Brekkå på Varhaug. Nortura sine sjåførar syter for at avvendte purker kjem heim, medan drektige purker flytter ut. Også rekrutteringspurkene kjem til gards på flyttedagen. Morgonhimmelen er gneistrande vinterblå når sambygdingen,
Einar Varhaug, ryggar grøn traktor og raud tilhengar fullasta med morgonfriske, tre månadar gamle ungpurker på plass ved lasterampen.

– På torsdagane leverer eg ut drektige purker til kundane, medan eg får heim purker som skal inseminerast på nytt, eller eventuelt utrangerast, forklarer Tommy.

Rekruttering av ungpurker er ein av nøkkelfaktorane for drifta i Brekkå Purkering. Når ungpurka er ein stad mellom seks og sju månadar, blir ho inseminert. Tre månadar seinare blir ho kjørt ut til ein av satellittane kor ho grisar etter kring 14 dagar. Seks veker etter grising blir ho transportert tilbake til navet og kjem i brunst att.

– Så blir ho inseminert på nytt, dersom ho er god nok for ein ny runde, forklarer Tommy, medan han leiar griseflokken med gode grep rundt utsparingane i jagelemmen.

Bøyg med rekruttering

Eit purkeliv i Brekkå Purkering er noko kortare enn i ei vanleg bruksbesetning. I snitt når purkene like over tre grisingar før utrangering.

– Målet er å kome over fire, seier bonden, som likar å setje seg mål.

Tommy fortel at han gjennom året kjøper mellom 1.000 og 1.200 ungpurker av formeiringsbesetninga til Åse og Einar Varhaug på Varhaug. Han får inn mellom 80-100 purker i månaden, alt etter korleis utrangeringa er.
Rekrutteringa har vore ein stor bøyg. Særleg grunna saneringsprosessar som purkeringen har vore gjennom. Å få tak i så mange ungpurker som krevst i purkeringen frå éin produsent, er mest umogleg. Etter at smittestatus og alle formaliteter var avklart, starta samarbeidet om rekruttering av TN 70- ungpurker frå Åse og Einar for to og eit halvt år sidan.

– Dermed byrja resultata å løfta seg monaleg. Siste året har det gått verkeleg bra. No er me på det nivået eg har ønska å vera i mange år, seier Tommy.

Godt insemineringstilslag

Målet for 2019 er 28-29 avvendte grisungar per årspurke. I desember 2018 og januar 2019 var talet berekna avvendte grisungar 30,2, medan talet avvendte var 29,9.

– Det som likevel har vore mest gledeleg er at insemineringane har gitt så gode resultat etter eg byrja med TN 70 purker frå Åse og Einar, seier Tommy.

Fruktbarheit er eit nøkkelord. Dei ti kundane, eller satelittane, i purkeringen melder tilbake om store kull. Insemineringstilslaga har aldri vore i nærleiken av slik det har vore siste tida. Dei siste 22 vekene har tilslagsprosenten vore 96,2 i purkeflokken til Tommy.

– Frå lysing, etter tre til fire veker, og fram til grising, vil det sjølvsagt vera noko svinn, men når eg ser at det i dei to siste månadane har vore ein grisingsprosent på 93, har eg all grunn til å vera nøgd, seier han.

Gris: På garden Brekkå står det skrive i pannestein …

Aktiv purke

Dei nye purkene er meir aktive, krev meir plass og ei anna fôring enn dei «gamle». TN 70-purkene må ha raust med rotemateriale, som strø, høy eller halm. På grunn av behovet for meir plass, har kundane til Tommy måtta redusere talet på purker.

– Eg vil tippa reduksjonen ligg på mellom fem og ti prosent ute hjå kundane. I utgangspunktet er reduksjonen lite gunstig for meg, som lever av å leiga ut purkene, men inntektstapet blir kompensert noko med dei gode produksjonsresultata. Får grisene den plassen dei treng, med tilhøyrande rotemateriale, er det ikkje problem med halebiting, i følgje Tommy.

– Dette er ein svært god gris. Dei er pågåande, fulle av overskot og energi, og søkjer gjerne mot oss røktarar.

Kraftfôr for beinhelsa

Tommy held fram at eit godt kraftfôr har blitt viktigare enn nokon gong.

– Purkene må og skal fôrast rett. Gode råd frå fagfolka hjå kraftfôrleverandøren er gull verdt. Seinast i dag var Felleskjøpet her for å diskutera fôrresepten, samstundes som dei purra i meg i høve til å sjekka fôrtankane innvendig.

Utfordringa med purker i purkering, er bein- og klauvhelsa. Dyra blir flytte med lastebil og oppstalla i ulike hus, noko som fører til ekstra påkjenning på beina. I samarbeid med Felleskjøpet Rogaland Agder blir ulike fôrreseptar testa ut. Tommy Hadland får for tida si eiga spesialblanding, for å prøva å få bukt med helseutfordringane.

– Det handlar om ulike vitamin og mineral som bidreg til å styrke bein og klauver. Det er på dette området eg har veterinærutgiftene mine, og det er her eg rettar innsatsen særleg mot for tida, seier Tommy, som understrekar at også desse utfordringane har blitt lettare med den nye purka, men at han likevel ikkje er nøgd.

Tøft i svinenæringa

Nøgd er han heller ikkje med den generelle situasjonen i svinenæringa. Brekkå purkering har redusert purketalet med fem prosent. Reduksjonen kjem i tillegg til reduksjonen som tvang seg fram som følgje av det auka plassbehovet i kjølvatnet av TN 70-purka.
I løpet av karrieren som svinebonde, har Tommy opplevd mange opp- og nedturar. Men aldri har nedturen i svinenæringa vore så dramatisk og vart så lenge som no. Omsetninga hjå Tommy var i fjor to millionar kroner under føregåande år.

– Nå går me inn i år nummer to med overproduksjon og dårlege prisar. Svineproduksjonen er inne i ein svært tøff og lengevarande periode som alle blir råka av. Eg har drive i mange år, og har fått betalt ned mykje av gjelda, så eg er ikkje blant dei som er verst råka.

På tur: Purker på veg ned lastebillemmen og inn i grisehuset kor dei fleste blir inseminert og får ein tre månadars pause før neste satellitt-tur.

Tommy er meir uroa over dei mange kollegane som slit med store lån, kraftfôrgjeld og eit etterslep på vedlikehald og investeringar.

– Ein super grillsesong i 2019 vil hjelpa på. I tillegg må me håpa på effekt frå purkeslaktinga og at alle redusere purketalet frivillig, sjølv om særleg me her på Jæren likar svært dårleg å sjå tome fødebingar. Dessutan håpar eg at me nå endeleg har lært at ingen må byrja å gi gass og fylla bingane at etter at marknaden har kome i balanse att. Då vil me vera i same klemma att på kort tid.

Sambuaren blir med

Sonen, Thomas Hadland, er i lære hjå Eiksenteret på Varhaug. Han er avløysar og til god hjelp heime. Det kjem godt med. For å eiga og driva navet i Brekkå purkering kostar tid og krefter. Arbeidsdagane er lange, og feriedagane få.
Tommy drøymer om gode dagar på fjellet med hundar, friluftsliv, jakt og fiske. Enn så lenge blir det med draumen. Men han gler seg over at sambuaren, Nancy Reiestad, nå har sagt opp jobben for å vera med for fullt i grisehuset.

– Då blir me to om arbeidet. I dag (flyttedagen) er arbeidsdagen frå fire om morgonen til sju om kvelden. Eg blir ikkje yngre. Eit hardkjør som dette går ikkje i lengda, seier 1972-modellen.

Dollarglis: Eldre amerikanske bilar og veteranmotorsyklar er blant hobbyane til Tommy Hadland. Chevrolet Chevellen er blankare enn han var då han var ny, i 1964. Bilen står saman med ein Suzuki-motorsykkel i eit av dei strigla opphaldsromma på garden. Her og i verkstaden får han dyrka hobbyen og slappa av saman med kompisar.

Sjølvmelding

Mest nøgd med:

Utan ei god helse hadde lite av det eg held på med fungert.

Ville gjort annleis:

Då hadde eg nok ikkje blitt bonde. Min draum var jegertroppen i Forsvaret. Men bondeyrket har vore gildt, og eg har det godt.

Råd til andre:

Høyr på fagfolka rundt deg, der er det mykje å læra. Så må eg ta med at eg oppdaterer budsjettet ein gong i månaden og samanliknar opp mot fjoråret. Mykje av motivasjonen min ligg i å levera betre resultat enn i fjor.

Stikkord denne saka: