Særpreg: På Vestlandet har det bryggja øl med kveik mange hundre år attende i tid. Framleis er tradisjonen og kveiken i live. Foto: Vestnorsk Kulturakademi

Vestlandsk gards-øl kan få verdsarvstatus

30. juli 2020

– Heimebrygging med kveik kan bli vel så viktig som sider for verdiskapinga i landbruket, meiner Atle Ove Martinussen i Vestnorsk Kulturakademi. Søknad om verdsarvstatus er på gang.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Vestnorsk Kulturakademi arbeider for fullt med søknaden til UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon), for at heimebrygging med kveik skal få verdsarvstatus som immateriell kulturarv. Norsk kveik har teke ølverda med storm. Det hastar å sikre genressursane i norsk bryggetradisjon. Kanskje er dei fleire tusen år gamle?

Kveik skapar begeistring

– Det er ein lang prosess med mykje dokumentasjon, så me reknar å bruke to år på søknaden. Då skal Norsk Kulturråd gje si vurdering, og så blir det opp til Kulturdepartementet å ta avgjerd om å søkje, seier Atle Ove Martinussen, dagleg leiar ved Vestnorsk Kulturakademi.

Søknaden skal omfatte alle sider ved bruk av kveik i øl, både rituelt i dåp, gravferd og bryllaup, korleis det er omtalt i kunst og litteratur, og korleis det vert brukt i dag. Å få dagens bryggjarar og miljø med på laget, ser Martinussen som avgjerande.

– Me må sikra kveiken som finst i dag. Me veit om 33 kveikstammer og det kan vere fleire. Dei finst i området frå Sunnfjord, Hornindal, Nordfjord, Sogn, Hardanger og Voss. Indre Vestland var vanskeleg å kristne, og folk var tru mot gamle tradisjonar. Bruken av kveik kan gå heilt tilbake til då landbruket kom til Vestlandet, om lag 5000 år, og brukt i både brød og øl, fortel leiaren for kulturakademiet.

Kulturarv i bryggekjelen: Då Kjetil Dale overtok gard på Voss, tok han opp att den gamle bryggekunsten. Nyleg var NRK Museum innom eldhuset på Dalsleitet for å laga radioprogram om bruken av kveik i ølbrygging. Foto: Vestnorsk Kulturakademi

Kommersiell ølbrygging

Kveik er ein ur-norsk villgjær frå Vestlandet, som er temd og foredla, slik at det toler høgare temperaturar. Kveik kan ein setja til ved 35-39 grader. Det gjærar ut i løpet av 48 timar og gjev øl med god aroma av tropiske frukter. Kveik har blitt brukt til ølbrygging på gardane, kvar stamme med unike eigenskapar gjennom bruk og tilpassing.

– Internasjonalt har interessa for kveik eksplodert. Folk vart slått til bakken av korleis denne gjæren verkar. Sigmund Gjernes frå Voss sendte kveik til Amerika med ein bryggjar, og det tok heilt av. På øl-appen Untapped finn ein 1500 kommersielle øl brygga med kveik, seier Martinussen.

Her i landet var Voss Bryggeri først ute med kommersiell brygging med kveik alt i 2014. Etter at New York Times oppgav Voss med sitt kveik-øl på lista over stader ein bør oppleva i verda, har interessa verkeleg fata. Straks tok Vin monopolet inn øl med kveik til utsal over heile landet.

Kveik med særpreg

I Gulatingslova var det sett krav til bøndene om å bryggja øl to gonger i året, og det beste kornet vart til øl. På ein vanleg vestlandsgard ligg det oftast eit eldhus, der ein røykte kjøt, baka flatbrød og bryggja øl. Då Kjetil Dale flytta heim og overtok gard på Voss, fann han den gamle koparkjelen i eldhuset.

– Det hadde ikkje vore bryggja sidan 1950-talet, så eigen kveik fanst ikkje. Men kameraten min, Dag Jørgensen som driv Voss Bryggeri, hjelpte meg i gang med lokal kveik og kompetanse, seier Kjetil Dale.

Sidan har han vunne vossameisterskapen i joleøl, og fire-fem gonger i året fyrer han opp bryggekjelen. Han ser for seg ei tilleggsnæring i å halda bryggjekurs i eldhuset, og har plass til overnattingsgjester i kårhuset, og selskapslokale på låven.

– Ølbrygging med kveik fortener absolutt verdsarvstatus. Det er berre på Vestlandet denne typen ølgjær finst att, så me må passa på den og bruka den, meiner Kjetil Dale.

Identitet og reiseliv

Forsking pågår no hos Norsk Institutt for bioøkonomi (Nibio) og Norsk Genressurssenter, for å slå fast alder og genetisk samansetning på ulike kveik-kulturar. Og kanskje kan det finnast DNA-spor på gamalt bryggeutstyr og arkeologiske funn som kjelar og drikkekar.

– Heimebrygg med kveik har potensiale til å bli ein gastronomisk identitetsberar, som «Norwegian farmhouse ale» og ein «reason to go» for reiselivet på Vestlandet, meiner Fylkesmannen i Vestland, som støttar søknadsprosessen om verdsarvstatus.

– For landbruket, knytt til reiseliv, vil ølbrygging med kveik saman med lokal mat gje store opplevingar og god verdiskaping, meiner Atle Ove Martinussen.

Kveikkrans: Kveik kan takast vare på i våt form (Norgesglas/kjøleskap) eller tørka på kveikstokk eller kveikkrans, som i gamal tid. Foto: Vestnorsk kulturakademi

Stikkord denne saka: