BN+

Nøgd bonde: To år etter innflytting, har Ingve berre positivt å melde om fjøset. – Dyra er reine og rolege, eg trur dei har det godt, seier han.


Ingve Nordbø har bygd nytt mjølkefjøs på ei ramsalt øy i Boknafjorden. Kvitsøylamma beiter seg til eksklusiv kvalitet på holmane, medan kyrne kvitterer for godt stell med høg yting.


Jane Brit Sande


Kvitsøy ligg ytst i Boknafjorden, mellom Randaberg og Karmøy. Kommunen, som måler berre 5,7 km2 og husar 540 innbyggarar, er den minste i landet. Med 11 bønder utgjer landbruk den største primærnæringa på øya. Tre bønder driv på heiltid, og tre bønder driv med mjølk. Ingve Nordbø (29) er ein av dei bøndene. Han er heiltidsbonde, og han driv med mjølk. For to år sidan stod eit nytt fjøs klart på garden på Nordbø. Mjølkerobot, skraperobot, kanalomrøyring over gjødselkjellaren og mekanisk ventilasjon er blant fasilitetane Ingve har i fjøset. Bygningen måler 750 m2, og husar 32 mjølkekyr og 27 kviger. Mjølkekvoten er på 300 tonn. I tillegg har han kring 100 vinterfôra sauer. I det gamle fjøset fôrar han fram oksane til slakt.


– God plass, og nok arbeid, kommenterer Ingve.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,