Bv37_forsideInnhaldet i den komande landbruksmeldinga er framleis ukjent, men både på leiarplass og i aktueltsidene blir det frå landbrukshald åtvara mot å gjera meldinga til eit ideologisk eksperiment.
Familiebruk og samdrift er nøkkelord i drifta hjå Ella og Njål Helland. I gardsreportasjen får du detaljane saman med eit innsyn i nyfjøset deira.
Har du mjølkekyr eller andre storfe på garden vil fagartiklane  om NRF-avlsarbeidet og klauvsjukdomen Digital dermatitt, vera til nytte og gagn.
Bondevennen var til stades på Dyrsku´n. Ferske inntrykk får du i bladet.
Andre stikkord for vekas fyldige Bondevennen er: Mjølkerelatert gardsmatproduksjon i Telemark, BvLogg frå Rakel Bakkebø i Sogn og Fjordane og ei fargerik og strevsam sauesanking i Hjelmelandsheiane, saman med ein sliten reportar,  proffe gjetarar og spreke hundar.
Få også med deg viktig informasjon frå Mattilsynet. Kva gjer du når du har eit kadaver på garden?