Sauen er framleis eit ålreit dyr, men marknadssituasjonen er ikkje like grei. Denne veka er overproduksjonen på sau og lam eit aktuelt tema. Anna Stangeland har skrive om stoda på eigen gard i gardsreportasjen. Dei har valt å halda fram med båsfjøset, men har likevel ei effektiv drift med god plass og tid til å vera foreldre og fosterforeldre i tillegg.
Blant fagstoffet kan du lesa om samanhengen mellom kvalitet og lagring av potet. Vidare er Norsk Landbruksrådgiving tungt inne med fagstoff. Tema er ammeku. Gjennom tre gardsreportasjar møter vi ammekuprodusentar som deler sine erfaringer.
Karl-Ove Loen driv god arealutnytting med jordbær og frukt i Loen,
Bondevennen har vore på besøk.
Fotografi seier ofte langt meir enn ord. Bli med Bondevennen på fotosafari til Dyrsku’n i Seljord og til Setesdalsheiane på sauesanking.