– BBv39.inddonden er den viktigaste aktøren i det store samfunnsoppdraget for å sikra matryggleiken til folket, skriv Bondevennen på leiarplass i vekas rykande ferske blad. Teksten er knytt til fagartikkelen frå AgriAnalyse, som tek for seg den ikkje alt for lystige stoda til dei viktige, grasproduserande mindre bruka i kystfylka.
Varaldsøy bondelag har hatt Lars Petter Bartnes på besøk, også her vart framtida for mindre bruk og kombinasjonsbruk diskutert.
Styresmaktene vil stimulera til planting av klimaskog i Rogaland. – Trea vil blåse over ende i første orkanen, meiner beiteentusiast frå Gjesdal, les meir på aktueltsidene.
Arnhild Erevik og Egil Byberg frå Forsand har bygd lausdriftsfjøs med mange smarte løysingar, blant anna eit utvendig fôrbrett som blir vippa opp etter at fôret er lagt ut. Går du med byggeplanar, kan du også få innspel som Tine har samla frå bønder som deler erfaringar frå eigne prosjekt.
Vår faste bidragsytar, Haren, er glad i kvardagspoesi på rundballane. Andre stikkord: Frukt og grønt, BvLoggen og marknadssituasjonen på gris.