Bv40_forsideKan grisen transporterast til slakteriet eller ikkje? Bondevennen har vore på møte i regi av Norsvin, og formidlar oppdatert informasjon om viktig dyrevelferd.
I tillegg til grisen, blir det mykje stoff om sau i vekas Bondevennen. Vi har vore på Gyland hjå Ståle Haukelid og sett på statusen i besetninga hans. Ståle er nøye på avlsopplegget og vil ha høg indeks på dyra.
Meir om saueavl, både teori og praktiske råd, får du i vekas aktuelle fagartikkel frå Norsk Sau og Geit.
Sør i Hå kommune har eit engasjert ektepar rusta opp ein gammal kystgard. Kulturlandskapspleia er det ein flokk alpakkadyr som tek seg av.
NIBIO presenterer første del av ein artikkelserie om rotugrasa lyssiv og knappsiv. Her får du råd om både kjemiske og mekaniske tiltak.
Det er mange grunnar til å lesa vekas utgåve. Vi prøver å gje deg nokre svar på kvifor variasjonane i driftsresultata i mjølkeproduksjonen er så store, kvifor Rogaland bør planta klimaskog, og kvifor fytase er så viktig i kraftfôret.
I tillegg får du svart på kvitt, nok ein gong, dokumentert at ikkje alt går på skinner for dei som driv med dyr.