bv45_forsideOddfrid Bakke, slaktegrisprodusent på garden Bakke, Hornindal kommune, Sogn og Fjordane. Aleinemor til Nils, Kristen og Oline. Etter å ha kjempa seg fram, ikkje heilt utan hinder, er ho endeleg bonde på heimegarden. Maj-Lena Knutsen og Jostein Hellevik er folka bak Dalen villmarkssenter, Dalen i Telemark. Dei er i ferd med å skapa seg ein leveveg basert på magiske naturopplevingar. Fosfor har vore mest kjend som både plantenæring og forureiningsmerksemd. Dei siste åra har merksemda auka, særleg den avgrensa tilgangen på det. Det skal no forskast på, blant anna, kva som skjer med fosforet i gjødsellageret med ulike tilsetningar, og korleis næringsstoffet kan nyttast maksimalt til plantene. Regionskonferansen til Norsvin gjekk av stabelen under Agrovisjon-helga. Utfordringane med overproduksjon og dårleg omdømme vart ein sentral del på programmet.
I vekas fagartiklar får du lese om førebygging av mjølkefeber, og om kjemiske middel mot lyssiv og knappsiv.