Dokumentert velferd: Ein del bønder tykkjer kanskje det blir vel mange kontroll-besøk, men dyrevelferdsprogrammet er viktig for å visa alle at dyrehelsa er god. Foto: Istock

NOAH hevdar at dyrehelsa i Norge er dårleg. Dyrevelferdsprogrammet er viktig for å kunne visa at dei tar feil.

Reidun Fattnes, dyrlege i Førde i Sunnfjord.

1. januar starta dyrevelferdsprogrammet for storfe opp. Alle storfeprodusentar med meir enn ti storfe skal ha eit besøk av ein veterinær kvar 16. månad. Frå før har me helsegris og fjørfebesøk. Og me hadde kontroll av pelsdyr, då det var aktuelt i Norge.
Eg har lyst til å dela nokre av mine erfaringar med dyrevelferdsprogrammet, så langt.

Finn din veterinær

De som produsentar er inndelt i grupper, der det sjuande sifferet i dyrehalds-id’en er avgjerande for kor tid du skal ha besøk av ein veterinær. Først må du oppretta ein avtale med den veterinæren du vil skal koma. For å oppretta ein avtale går du inn på Animalia og Velferdsportalen. Der skal det vera mogleg å søka opp veterinærar som er aktuelle.
Du får varsling via SMS eller e-post om at det er tid for eit besøk. Dei fleste bønder har e-post i dag. Men eg opplevde hjå ein eldre bonde at han ikkje hadde det. Då tok eg berre kontakt med Animalia på vegne av bonden, og dei oppretta avtale manuelt.
Eg har ein del avtalar med bønder og pleier å følgja med på når det nærmar seg eit besøk. Gjer så avtale om å koma i god tid før fristen går ut.

Unngå beitesesongen

Erfaringane frå denne sommaren var at dei som har frist i juni/juli anten må ha besøket tidleg i perioden eller utsetja besøket til hausten. Formålet med dyrevelferdsprogrammet er at me skal sjå på alle dyra. Viss dei er komne ut på beite, er det lite ein får sett. Det er ikkje problem å få utsett besøket viss du tek kontakt med Animalia.

Når det blir snakka om at dyrevelferda er dårleg i Norge, så reis til utlandet…

Reidun Fattnes

Tar dialogen der og då

I løpet av besøket ser me på alle dyra. Me ser på oppstalling, korleis haldet er, om dei er skitne, har sår/skadar, klauver, smittesluse, med meir. Me skriv ein rapport i etterkant. Det er 16 punkt me skal kryssa av for. Eg plar å fylla den ut i lag med bonden. Og eg synest det er greitt å gjera det med éin gong – å ta dialogen der og då.
Til nå har eg ikkje møtt så mykje negativitet rundt desse besøka. Nokre av dykk er sjølvsagt frustrert over nok eit besøk, i tillegg til KSL, Mattilsynet og Tine – og nok ei utgift. Men eg meiner det er ei viktig ordning. Formålet var i utgangspunktet å visa «omverda» at dyrehelsa i Norge er bra.

Kven eig sanninga?

Fredag 7. oktober såg eg Dagsnytt 18 på NRK. Ei av sakene var at dyrevernsorganisasjonen NOAH har mista statstilskotet. Både leiaren av NOAH og landbruksministeren blei intervjua. Leiaren i NOAH sa då rett ut at dyrehelsa i Norge er dårleg. Med dyrevelferdsprogrammet, der de bønder skal ha jamleg besøk av oss veterinærar, er det viktig å visa at så ikkje er tilfelle.
I mitt distrikt ser eg at dyra blir ivaretatt på ein god måte. Det er sjølvsagt forbetringspotensiale nokre stader, men ikkje graverande saker. Dei siste åra har eg hatt med meg ein del veterinærstudentar i praksis.
Dei har studert i både Polen og Ungarn. Og dei seier alle: «Når det blir snakka om at dyrevelferda er dårleg i Norge, så reis til utlandet…»

Stikkord denne saka: