BN+

Vanskelege avvegingar: Behandla eller avliva? Til slik ei vurdering krevjast kompetanse og erfaring. Foto: Istock


Nødslaktordninga er ei løysing som prøver å balansere mellom mattryggleik, økonomi og dyrevelferd. Stikkordet for å klare balansekunsten er samarbeid.


Torbjørn Nes Hjelle
Dyrlege tilknytta Eid Veterinærkontor, privat praksis i Ytre Nordfjord


Det er ikkje so veldig ofte eg blir irettesett av offentleg tenestemann. Dei gongane det skjer er det mest truleg anten snakk om ei fartsoverskriding eller eit nødslakt. Her trur eg vi nøyer oss med å diskutere nødslakt.
I løpet av snart 20 år i praksis har eg hamna i nokre disputtar med veterinærar i kjøtkontrollen. Det har løyst seg greitt alle gongane, og eg nemner det her mest for å underbygge at nødslaktordninga ikkje alltid er so enkel å forhalde seg til.

Ei krevjande ordning

Nødslakt er problematisk på fleire måtar. Slakting av dyr er regulert av eit omfattande hygieneregelverk og nødslakt utfordrar dette regelverket på fleire punkt.
Nødslakt skal vere med på å sikre god dyrevelferd, men det er ikkje opplagt at det alltid fungerer etter intensjonen. Ordninga er kostbar å drifte for slakteria og produsentane får ei ekstra utgift og redusert slakteverdi samanlikna med å levere eit ordinært slakt. For alle aktørane er det ynskjeleg å halde frekvensen av nødslakt på eit minimum.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.