Slepp til: Kvar og ein av oss, bonde som veterinær, skuldar oss sjølv og dei rundt oss (både to- og firbeinte) å jobba for å ta vare på oss sjølve, også. Illustrasjon: Istock

Bonden og veterinæren høyrer begge til ei yrkesgruppe med dystre statistikkar for psykisk helse. Ansvar, einsemd og økonomi kan gjere kvardagen vanskeleg å takla. Det må me våga å snakka om.

Ingrid Vikshåland Lyngmo, veterinær ved Veterinærkontoret i Suldal

Tre av ti veterinærar har i løpet av det siste året tenkt at livet ikkje er verdt å leva, ifølgje ei nyleg publisert studie. Bønder vert også ofte dregne fram som ei yrkesgruppe som slit med depresjon, angst og psykiske utfordringar. Psykisk helse er eit vanskeleg tema å snakka om, men det synest eg at me må.

Dystre statistikkar

Nyleg publiserte veterinær Helene Seljenes Dalum dei første resultata av NORVET- prosjektet, doktorgradsprosjektet der ho kartlegg psykisk helse og sjølvmordstankar hjå norske veterinærar. 27 prosent av veterinærane rapporterer at dei i løpet av det siste året har kjend at livet ikkje er verdt å leva. Fem prosent har hatt alvorlege sjølvmordstankar. 0,2 prosent har forsøkt å ta sitt eige liv.
Nesten dobbelt så mange kvinner sleit med alvorlege sjølvmordstankar, samanlikna med menn, i denne studien. Veterinærane rapporterte at dei psykiske problema hadde samanheng med jobbrelaterte problem. I tillegg fann ein at faktorar som å vera einsleg, oppleva negative livshendingar og symptom på angst og depresjon, hadde stor betydning for alvorlege sjølvmordstankar.
Økonomiske problem var den mest signifikante negative livshendinga som vart kopla til sjølvmordstankar.

Draumen og realiteten

Dei fleste som tek veterinærutdanning, har frå tidleg alder hatt ein draum om å verta dyrlege. Det botnar gjerne i eit ønske om å jobba med, og hjelpa, både dyr og menneske. Men så kjem ein ut frå seks år med knallharde studiar og vert ståande heilt åleine med ansvar for dyrs liv og helse. I tillegg opplever mange også dyreeigarar med forventningar og krav som kan vera både skyhøge og urealistiske.
Mange gonger hamnar ein i ein skvis mellom dyrevelferd på ei side og økonomiske konsekvensar på den andre sida. Det kan til dømes vera å måtta avliva oppdrettsfisk som er verd titals millionar kroner, eller nedslakting og sanering i besetningar med landdyr på grunn av smittsam sjukdom. Eller det kan vera hundar og kattar som treng svindyr behandling om dei skal få eit godt liv, men der eigaren korkje har forsikring eller råd til å betala for seg.
I tillegg skal ein gjerne driva si eiga bedrift, eller sørga for lønnsemd i den bedrifta ein er tilsett i. Veterinæren vil så gjerne gjera ein god jobb, få positive tilbakemeldingar og leva opp til sine eigne og andre sine krav.
Sosiale media gjer det derimot så altfor lett for ein eventuell misnøgd kunde å kunna spreia si misnøye, og i verste fall, hat. Det kan vera knalltøft for mange, og om ein ikkje har gode kollegaer, venner og familie rundt seg, blir ein ekstra sårbar.

Bønder under krysspress

Også blant bønder, spesielt menn, er det høgare risiko for depresjon enn i andre yrke. Dette syner både norske og utanlandske studiar. Stor arbeidsbelastning, einsemd, auka krav til dokumentasjon og byråkrati, pressa økonomi, balanse mellom jobb, familie og fritid, samt politiske føringar, er alle faktorar som pressar kvardagen og den psykiske helsa til bonden.
No i vinter har den økonomiske biten spissa seg enno meir til for dei fleste bønder, med kraftig auke i utgifter til straum, kunstgjødsel og kraftfôr, medan inntektene langt frå følgjer utgiftsutviklinga. Opplever ein i tillegg livskriser som til dømes samlivsbrot, alvorleg sjukdom eller død i nær familie, kan det fort gå utover både helsa til bonden, og også velferd og helse hjå dyra.

Møtast i fjøsdøra

Så møtast me i fjøsdøra, dyrlegen og bonden. Representantar frå to yrkesgrupper som har dystre statistikkar å visa til når det kjem til psykisk helse. Begge står mykje aleine med sine problem, begge må takla stress knytt til krav utanfrå, og stort ansvar både for liv, helse og økonomi. I nokre tilfelle er eg klar over at eg truleg er den einaste personen bonden treffer og snakkar med den dagen. Og ofte kan samtalen i løpet av besøket komma inn på personlege tema som ikkje har noko med dyra å gjera. Eller det kan vera vanskelege ting som er knytt til drifta, dyrehelse eller dyrevelferd.

Ansvar for seg sjølv og andre

Det kan vera tungt og mørkt iblant, men det kan også vera fine møte og samtalar som kan kjennast verdifulle. Og heldigvis er det ofte også mykje latter og glede. Ingen av oss har kompetanse og bakgrunn for å driva psykisk terapi. Det er heller ikkje eit ansvar me har, eller skal ta. Men me er menneske som kan sjå kvarandre og behandla kvarandre med respekt, både i det verkelege liv og i sosiale media. Me kan spørja: «Korleis har du det?», og visa at me faktisk bryr oss.
Og kvar og ein av oss skuldar oss sjølv og dei rundt oss (både to- og firbeinte) å jobba for å ta vare på oss sjølve, også. Det kan vera vanskeleg å finna tid til noko anna enn jobb, men det er så viktig å fylla livet med noko som er berre for vår eiga skuld. Om det er å stikka innom naboen for ein liten drøs, ta seg ein jakttur, ut å trena, eller engasjera seg i lag og foreiningar. Same kva det er. Men å gjera noko som gir energi og som ikkje er «berre jobb», trur eg er utruleg viktig for både vår psykiske og fysiske helse.

Søk hjelp

Om stresset og dei tunge tankane vert for vanskeleg å handtera på eiga hand, eller saman med dei som står ein nær, må me våga å søka hjelp andre stader. Til dømes ved å ta kontakt med Mental Helse sin hjelpetelefon, eller fastlegen. Me må i alle fall våga å snakka om det!  

Stikkord denne saka: